Hopp til innhold

Ekspertutval: – Anbefaler statsstøtte til kommersiell allmennkringkasting

Tv 2 er fornøgde etter at eit regjeringsutnemnt ekspertutval tirsdag anbefalte offentleg støtte til kommersiell allmennkringkasting.

Leverer rapport

OVERLEVERTE RAPPORT: Utvalsleiar leverte del-rapporten til kulturminister Linda Hofstad Helleland (H).

Foto: Mari Malm Sand / NRK

Klokka 11.00 tysdag leverte utvalsleiar Knut Olav Åmås ein delrapport til kulturministeren.

– Utvalet si vurdering er at det kan vere behov for offentleg støtte til kommersielle allmennkringkastarar i Norge, viss staten ønsker å redusere risikoen for eit dårlegare tilbod i Norge dei næraste åra, sa Knut Olav Åmås då han la fram rapporten.

Les også: NHH-rapport: Kritisk til å gi TV 2 statsstøtte

I fjor haust sette regjeringa ned eit såkalla mediummangfaldsutval.

Ein mediebransje i rask endring gjorde at utvalet fekk i oppdrag å sjå på kva slags økonomiske modellar staten bør bidra med for å sikre eit mediemangfald i Norge.

Då Tv 2 sa nei til ein midlertidig konsesjon med staten i august blei innleveringsfristen for ei delutgreiing frå utvalet om kommersiell allmennkringkasting påskunda.

– Bør stille krav til innhald

Knut Olav Åmås

UTVALSLEIAR: Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås har leia mediemangfaldsutvalet.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Utvalet meiner at krav om ein bestemt type innhald bør vere premisset og forutsetninga for statsstøtte til ein kommersiell allmennkringkastar.

– Eit minimum er at det blir stilt krav om ei brei nyheitsdekning. Kringkastaren bør tilby norske debattprogram, norske dokumentarar og daglege nyheitssendingar, seier Åmås.

Opnar for lokalisering utanfor Bergen

I dag har Tv 2 sitt hovedkontor i Bergen, men utvalet meiner at lokalisering av ein kommersiell allmennkringkaster utanfor Bergen kan bidra til mediummangfaldet og tilby eit alternativ til Oslo-dominansen.

– Eit krav om lokalisering i Bergen vil i høg grad avgrense søkargrunnlaget, sidan det er betydelege etableringshinder for aktørar utan tungt nærvær i regionen.

Tv 2 fornøgde med rapport

Olav T Sandnes

FORNØGD: Tv 2-sjef Olav T Sandnes er fornøgd med delrapporten om kommersiell allmennkringkasting, som blei lagt fram tysdag.

Foto: Jan-Petter Dahl

– Tv 2 er glad for at eit samla mediummangfaldsutval deler stortingsfleirtalet sitt syn på at kommersiell allmennkringkasting, med hovudkontor ein anna stad enn Oslo, er eit viktig bidrag til norsk mediemangfald, det seier Tv 2-sjef Olav T. Sandnes.

Olav T. Sandnes er sjølv blant dei ti personane i mediummangfaldsutvalet som har utgreia rapporten.

- Nå håpar vi delutgreiinga frå utvalet kan bidra til at stortingsmeldinga som kulturministeren skal legge fram før nyttår vil kunne fungere som eit grunnlag for ei avtaleutlysning. Det er avgjerande med ei rask avklaring for at Tv 2 skal kunne søke, seier Sandnes.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)