Hopp til innhold

Medaljebygda Voss

På Voss er ein OL-medalje like kvardagsleg som knekkebrød.

Kristen Skjeldal og Hilde Synnøve Lid på handletur
Foto: NRK

- Får du denne i panna er du ferdig, seier Kristen Skjeldal. Han står på Samvirkelaget og småpratar med tre andre medaljørar frå Voss.

Sølv i vinter-OL i Torino i 2006

Kari Traa har henta fleire medaljar til Voss. Her vinn ho sølv i Torino-OL i 2006.

Foto: JOE KLAMAR / AFP

Alle ber medaljane sine rundt halsen, så klart, og no går praten om kven som har den tyngste og finaste. Lillehammer-medaljen er fin, det er dei samde om, men tyngre gullmedalje enn den frå Salt Lake City skal ein leita lenge etter.

Ein kvardagsleg sak

Denne scenen får du sjå i siste programmet av Norsk attraksjon. I innslaget møter du kjende idrettsheltar frå Voss med medaljane dinglande rundt halsen medan dei gjer heilt kvardagslege ting som å handle på Samvirkelaget.

Sjå innslaget om medaljebygda

Kari Traa og Lars Bystøl luftar også gullet sitt utan at det vekkjer noko som helst merksemd i ei så blasert bygd som Voss.

Utan sidestykke

På dei siste 45 åra har 87 VM og OL medaljar havna på Voss. Med berre 14 000 innbyggjarar har den kondis-sterke jordbruksbygda ein medaljetettheit som saknar sidestykke på planeten.

Medaljevinnarar frå Voss

Gull

Sølv

Bronse

Totalt

OL

6

6

7

19

VM

21

27

20

68

Totalt

27

33

27

87

Hadde Bergen med sine 245 000 innbyggarar hatt samme medaljetettheit, hadde 1500 medaljer havna i byen. For London hadde talet vore nesten 50 000.

Just in case...

I innslaget om medaljebygda snakkar samtlege engelsk. Også programleiar Linda Eide.

- Vi laga innslaget på engelsk i håp om at internasjonale tv-kanalar som BBC World skal snappa det opp og gi Voss den berømmelsen som bygda fortener, gliser programleiaren som sjølv er frå Voss, og skynder seg å leggje til:

- Men ideen om å laga eit innslag som heilt ukritisk hyller Voss var sjølvsagt ikkje min, er du galen! Det skulle aldri falla meg inn promotera heimbygda på ein slik måte, om ikkje eg vart tvungen til det, seier den raudkledte programleiaren.

Smalahove

Voss er Noregs smalahove-sentrum. Er denne eksotiske retten løyndomen bak suksessen?

Foto: Øystein Antonsen / NRK

Ikkje berre vinteridrett

Norsk attraksjon har laga den fyrste totale fullstendige medaljeoversikten for Voss. Noko som ikkje berre var enkelt.

- Det finst ikkje ein slik frå før. Men det hjelpte oss godt at Voss Skiskyttarlag har god oversikt over sine. Resten har me talt og leita oss fram til sjølv. Me fann til og med to VM-medaljer tatt om somaren! I hangliding og rafting, ler Eide.

Olympiske medaljer til Voss

Utøver

Øvelse

Medalje

Mesterskap

Jon Istad

Skiskyting, stafett

Sølv

Grenoble, 1968

Odd Lirhus

Skiskyting, stafett

Sølv

Sarajevo, 1984

Eirik Kvalfoss

Skiskyting, stafett

Sølv

Sarajevo, 1984

Eirik Kvalfoss

Skiskyting, 20 km

Bronse

Sarajevo, 1984

Eirik Kvalfoss

Skiskyting, sprint

Gull

Sarajevo, 1984

Hans Engelsen Eide

Kulekøyring (oppvisningsgrein)

Sølv

Calgary, 1988

Kristen Skjeldal

Langrenn, stafett

Gull

Albertville 1992

Jan Einar Thorsen

Alpint, super-G

Bronse

Albertville 1992

Hilde Synnøve Lid

Freestyle, hopp

Bronse

Lillehammer, 1994

Egil Gjelland

Skiskyting, stafett

Sølv

Nagano, 1998

Kari Traa

Freestyle, kulekøyring

Bronse

Nagano, 1998

Egil Gjelland

Skiskyting, stafett

Gull

Salt Lake City, 2002

Kari Traa

Freestyle, kulekjøring

Gull

Salt Lake City, 2002

Kristen Skjeldal

Langrenn, stafett

Gull

Salt Lake City, 2002

Kristen Skjeldal

Langrenn, 30 km

Bronse

Salt Lake City, 2002

Kari Traa

Freestyle, kulekjøring

Sølv

Torino, 2006

Lars Bystøl

Hopp, normal bakke

Gull

Torino, 2006

Lars Bystøl

Hopp, stor bakke

Bronse

Torino, 2006

Lars Bystøl

Hopp, lagkonkurranse

Bronse

Torino, 2006

Ekspander/minimer faktaboks

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober