Skapt for rommet, brukt heime

Slalåmstøvlar, røykvarslar, og batteridrivne drillar. Husa våre er fulle av romteknologi.

Buzz Aldrin på månen 1969
Foto: Neil Armstrong/NASA

Om me går inn i ein vanleg heim, kva finn me der som har opphav i romforskninga?

Røykvarsler

Denne vart oppfunne for verdsrommet.

Foto: NRK

- Alle hus er no pålagde å ha røykvarslar. Det blei utvikla på 70-talet for dei bemanna romstasjonane, svarar Geir Hovmork, nestleiar og avdelingsdirektør ved Norsk Romsenter.

Skøyteledning til månen? Gløym det!

- Batteridrivne drillar blei utvikla fordi ein trong små, lette og hendige verktøy i rommet.

Øyretermometer, parabol-antenner, doggfrie briller, slalåmstøvlar og usynleg tannregulering, - lista er lang over produkt som har sitt opphav i romforskninga. Det finst rom-isolasjon i vegger og i apparat, og i mange joggesko finn du det same dempande materialet som skulle beskytte astronautane under take-off.

Pakkar du frysetørra mat i tursekken? Det er astronautproviant.

Høyr saken: Frå verdsrommet til stova

Beskyttar i rommet og på jorda

Skal ein sende noko opp og ut i verdsrommet må det vere lett og sterkt, og det må tåle både ekstrem kulde og varme.

- Flammehemmande materiale skapt for romferder blir brukt av brannmenn, seier Geir Hovmork.

Brannmann ved flammehav

Flammehemmande materiale skapt for romferder blir brukt av brannmenn.

Foto: Australia Out / AP

- Dessutan finn ein mange døme på bruk av romteknologi innan medisinen. For eit par år sidan tok ein tysk student i bruk teknologi som var utvikla for å gi kraft til satelittar. Saman med ei verksemd utvikla ho ei ekstremt lita og hendig insulinpumpe der kraftforsyninga kjem frå ørsmå rørsler i handleddet.

Men utviklinga går andre vegen òg.

Hovmork fortel at norske, sofistikerte logistikksystem for frakt ut og inn frå oljefelta i Nordsjøen kunne brukast til frakt opp og ned frå verdsrommet.

Pengesluk eller god butikk?

Romteknologi finst altså ikkje berre i rommet, men òg på kjøkenet, i banken, på sjukehusa og i tursekken. Hovmork seier dette viser kor mykje romforskning kan kaste av seg. Han meiner rett og slett det er god butikk:

- Me ser at 1 krone investert i rom-verksemd kjem attende som 1 krone i norsk industri og næringsliv. I tillegg kjem det gjerne 4 og 5 nye kroner i ny verksemd basert på den fyrste krona ein investerte.

- Faktisk er romindustri eit betydeleg innslag i norsk næringsliv med ein omsetnad på 5 milliardar kroner.

Christer Fuglesang

Christer Fuglesang iført skotøy som inspirerte ny slalåmstøvel-design.

Foto: - / AFP

Kulturstrøm

  • R. Kelly-kausjon på 1 million dollar

    Den amerikanske R&B-artisten R. Kelly meldte seg for politiet i Chicago fredag kveld. Han er tiltalt for ti tilfeller av grove seksuelle overgrep mot fire ofre i alderen 13 til 17 år. Nå er kausjonen satt til 1 million dollar, melder AFP.

    Singer Robert Kelly, known as R. Kelly, appears in a booking photo provided by the Chicago Police Department in Chicago
    Foto: Handout / Reuters
  • Ung jazz ut til folket

    Trondheimstrioen «I LIKE TO SLEEP» ble kåret til Årets unge jazzmusikere i 2018. Bandet har potensial til å bli stilskapende innen norsk jazz, mente juryen. Premien er en turné til ti jazzklubber Norge rundt, til Nasjonal Jazzscene i Oslo og Bodø Jazz Open. Du kan lese mer om bandet og hvilke steder som får besøk på Norsk jazzforum.

    I LIKE TO SLEEP
    Foto: Juliane Schütz / Norsk Jazzforum