Måtte bevise at ho ikkje er Noora

Josefine Frida Pettersen, som spelar Noora i NRK-serien «Skam», blei skulda for falsk legitimasjon då ho var på ein utestad i Trondheim. Dei trudde ho var Noora (16).

Pettersen var på byen i Trondheim saman med nokre venninner. Dei var på ein utestad med 20-årsgrense og drakk øl. Då blei ho teke til side av ei vakt som ville snakke med henne.

– Eg tenkte ok. Eg trudde eg skulle få gratis alkohol eller noko slikt, seier Pettersen, som er gjest i «Skavlan» denne veka.

Saka fortset under videoen.

Til Skavlan kommer Sarah Ferguson, Aksel Hennie og artisten Laleh. Og så kommer "Noora" og "Isak" fra suksess-serien SKAM for å gi sine aller første intervjuer! (2:12)

HEILE INTERVJUET: Sjå intervjuet med Josefine Frida Pettersen frå Skavlan 16. september.

Skulda for falsk legitimasjon

Skam på Gullruten

«Skam» fekk tre prisar under utdelinga av Gullruten i mai.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Men vakta kunne fortelje at utestaden hadde fått fleire tips om at ho er altfor ung til å vere der.

Ho viser fram legitimasjon som viser at ho er 20 år og gamal nok. Men vakta meinte legitimasjonen måtte vere falsk fordi dei visste at ho heitte Noora og var 16 år gamal.

Forsøket på å forklare at Noora er ei rolle ho spelar, fører ikkje fram. Til slutt måtte politiet koplast inn før misforståinga blir oppklart.

– Eg må svare på spørsmål om kor eg har budd, kven foreldra mine er. Til slutt må eg be dei om å google meg, seier ho i programmet.

Stor merksemd

Isak

I tredje sesong av ungdomsserien er det rollefiguren Isak, spelt av Tarjei Sandvik Moe, som skal spele hovudrolla.

Foto: NRK

Dei to første sesongane av ungdomsserien har fått stor merksemd. Blant anna fordi serien har teke opp vanskelege tema. Serien har også fått merksemd utanfor landegrensene.

Den tredje sesongen av «Skam» startar på nrk.no om kort tid. Då kjem det også fleire nye fjes etter at enkelte av skodespelarane har takka for seg.

SKAM sesong 2 følger Noora gjennom våren i førsteklasse på Nissen vgs i Oslo. Du kan følge serien hver dag på skam.p3.no http://skam.p3.no. Hver fredag kan du se alle ukens filmer samlet i en episode her. Anbefalt målgruppe 15 år.

Kulturstrøm

  • Cohens brev til Marianne på auksjon

    I juni skal Leonard Cohens samling av over 50 brev til sin norske muse Marianne Ihlen – inspirasjonen for «So Long Marianne» – under hammeren i New York. Auksjonshuset Christie's kaller auksjonen for «Write and Tell Me Your Heart. Leonard Cohen's Letters to Marianne». (NTB)

    Leonard Cohens brev til Marianne Ihlen
    Foto: Christie's/NTB Tema
  • Durek Verrets bok kommer på norsk

    Det har vært budrunder om «Spirit Hacking» og Cappelen Damm fikk tilslaget på de norske rettighetene. Det amerikanske forlaget som gir ut boka i oktober skriver at «han gir råd til alt fra kjendiser som Gwyneth Paltrow og Nina Dobrev til kongelige som prinsesse Marta av Norge og innovative ledere». Verrets bok har undertittelen «Shamanic Keys to Reclaim Your Personal Power, Transform Yourself, and Light Up the World». (NTB)

  • EBU har korrigert stemmetallene

    EBU har korrigert stemmetallene under Eurovision Song Contest-finalen. Det norske bidraget fra Keiino falt en plass ned til 6. plass. Dermed ble Norge slått av Sverige.