Mari Maurstad

Mari Maurstad var gjest i Stjerneklart 30. januar 2012.

Mari Maurstad
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

MARI MAURSTAD SIN CV

Mari Maurstad er født 17.mars 1957 i Oslo. Ho vaks opp saman med pappa Alfred Maurstad, mamma Gro Maurstad og lillebror Endre. Ho er og halvsøster til skodespelar Toralv Maurstad.

Mari Maurstad gjekk på Ruseløkka barne og ungdomsskole og dramalinja ved Hartvig Nissen videregående skole. |

Maurstad debuterte som skodespelar i 1977 i stykket Kvinner, av Claire Booth, på Den Nationale Scene. Ho var tilsett som skodespelar der fram til 1980 og frå 1981 vart ho fast tilsett på Nationaltheatret.

Ho har spelt i utallege rollar oppigjennom åra. Her kan nemnast Adela i Bernarda Albas hus, Polly, i Tolvskillingsoperaen, Valencienne, i Den glade enke, Marceline, i Figaros bryllup og Alma Ekdahl, i Fanny og Alexander. Ho hadde og sentrale rollar i My fair Lady, på Chateau Neuf. Ho spelte og ei av hovudrollene i Cole Porters musikal, Kiss me Kate, ved den Nationale Scene i 2001 og var heksa i Draumen om Narnia, ved det Norske Teatret same år.

I tillegg til ei mengd rollar, på fleire teater, har ho vore med i ei rekke revyar, spelefilmar, tv-seriar og dubba fleire animasjonsfilmar. Ho har gjeve ut bøker – 12 i talet – og fem cd`ar. Ho har og, i 14 år, hatt sentrale rollar i utandørsspelet, Peer Gynt, på Gålå, og sett opp fleire show åleine.

I 2001 fekk Mari Maurstad Leif Justers revypris, i 2007 fekk ho Pillarguriprisen i Otta, og i 2008 fekk ho Heddaprisen, for beste kvinnelege birolle, som Miss Lamont i Singin`in the rain på Oslo nye teater, i 2008.

I 2005 starta Mari Maurstad Zulufadder. Zulufadder har som mål å hjelpa så mange born dei klarar, i Eshowe, et distrikt i Zululand. Borna er foreldrelause på grunn av aids.

Hausten 2007 deltok Mari Maurstad i ”Skal vi danse” på TV2. Og no er ho aktuell som høne i musikalen Rockeulven, på Nationaltheatret.


Mari Maurstad er gift med professor og cellist Aage Kvalbein. Saman har dei sønene Scott, på 23 år, Aslak, på 19 år og Stinius på 17 år. Familien bur i Oslo.

Kulturstrøm

  • Radioteatret lager «Snøsøster»

  • Kong Oscars gate er opna igjen

    Etter to år med anleggsarbeid stod strekninga Vertlidsallmenning til Nygaten i Kong Oscars gate klar til nyopning laurdag. Gata er ei av dei eldste gatene i Bergen, og blei offisielt opna av byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti.

    Nyopning Kong Oscars gate
    Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK
  • «Dracula» fra skaperne av «Sherlock

    Netflix og BBC vil lage en TV-serie som baserer seg på klassikeren «Dracula», melder Variety. Det er fra før kjent at manusforfatterne bak den populære TV-serien «Sherlock», Mark Gatiss og Steven Moffat, har tatt på seg jobben med å omforme historien om den ikoniske vampyren til en miniserie. Serien skal være på tre 90 minutter lange episoder. – Vi har alltid hatt historier om ondskap. Det som er spesielt med «Dracula», er at Bram Stoker ga ondskapen sin egen helt, sier Mark Gatiss og Steven Moffat til filmbransjebladet (NTB).

    Sherlock Special
    Foto: Robert Viglasky / BBC