Hopp til innhold

Mannen som anga Anne Frank truleg avslørt etter 77 år

Ei ny etterforsking har identifisert ein person, mistenkt for å ha avslørt Anne Frank og hennar familie til nazistane.

Anne Franks dagbok er den mest kjente førstehandskjelda om jødisk liv under krigen. Ho døydde i ein konsentrasjonsleir i 1945, 15 år gamal, etter to år i skjul.

Eit team, inkludert ein eks-FBI-agent, sa at ein jødisk mann i Amsterdam truleg tysta på Frank-familien for å redde sin eigen familie, skriv BBC.

Teamet, beståande av historikarar og andre ekspertar, brukte seks år med moderne etterforskingsteknikkar for å kome til bunns i saka.

Anne Frank

Kulturstrøm