Hopp til innhold

Mankell skriv om livet til Bergman

Forfattaren Henning Mankell lagar for tida manus til ein dramaserie om sin eigen svigerfar, Ingmar Bergman.

Henning Mankell

Forfattaren Henning Mankell har fått ny utfordring.

Foto: FABIAN BIMMER / AP

Den svenske forfattaren Henning Mankell skriv for tida på eit manus som om livet til Ingmar Bergman. Manuset skal resultere i ein tv-serie for SVT, skriv svenske TT Spektra.

I 1998 gifta forfattaren seg med dottera til filmlegenden, Eva Bergman.

Ingmar Bergman

Livet til filmlegenden Ingmar Bergman blir tv-serie.

Foto: JONAS EKSTROMER / AFP

- Eg ser for meg ei forteljing med stor spennvidde i både tid og rom, seier forfatteren sjølv.

Nære vener

Til SVT fortel han at han traff Bergman ofte dei siste ti åra av livet til filmlegenden.

- Vi hadde mange samtalar og var nære vener. Vi utveksla tankar og meiningar om mange ulike ting, fortel Mankell.

No jobbar svigersonen til Bergman med å tenke gjennom korleis han vil fortelje historia som skal munne ut i ein dramaserie.

- Det er ikkje avgjerande at vi kjende kvarandre personleg, men det er klart at det hjelper meg, seier den berømte forfattaren.

Serien skal sendast som fire timelange avsnitt. Premieren er satt til 2012 og så langt er det ikkje klart kven som er aktuelle som skodespelarar til serien. Heller ikkje regissørnamn er kjent.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP