Hopp til innhold

Mangeårig NRK-journalist Brita Blomquist er død

Blomquist var tidlegare journalist og programleiar i mellom anna NRK. Søndag døydde ho 88 år gammal.

Brita Blomquist

FROKOST-TV: Blomquist leia mellom anna Frokost-TV på NRK saman med Toppen Bech.

Foto: Terje Reite / NRK

Mange hugsar den tidlegare programleiaren og journalisten frå gamle NRK P2 på åttitalet og seinare også reiseprogrammet «God tur».

Ho var opphavleg frå Oslo, men har sidan 1994 budd i Ålesund.

I tillegg til NRK har ho jobba i vekebladet Nå og Aftenposten.

– Energisk menneske

Den tidlegare NRK-profilen Vidar Lønn-Arnesen jobba til tider tett med Blomquist, og fortel om svært gode minner.

– Eg hugsar Brita som eit energisk menneske som hadde mange idear, noko som er veldig viktig i bransjen vår.

Brita Blomquist serverer Vidar Lønn-Arnesen frokost før han starter med forberedelsene til programmet Musikktelefonen.

GODE KOLLEGA: Brita Blomquist og Vidar Lønn-Arnesen jobba tett saman i radiogruppa til NRK. Her er dei avbilda saman i 1990.

Foto: Ole Christian Frenning / Aftenposten

Lønn-Arnesen seier at ho hadde veldig lett for å komma i kontakt med andre og hugsar spesielt godt då dei skulle ha direktesending frå Aker Brygge.

– Me skulle føla litt på pulsen blant livet og båtane. Ho var stappfull av gode idear. Ho ville vera utereporter ute blant folk, og ikkje sitta inne i studio. Når Brita var i aksjon blei det levande.

Reiseentusiast og takksam for små gleder

Blomquist var glad i å dela gode opplevingar. Etter at ho pensjonerte seg heldt ho seg travel med firmaet «Britas god tur». Her tok ho med seg reisande på spennande turar mellom anna i Sør-Europa.

– Eg er kanskje verdas eldste turoperatør, sa ho til NRK i 2016.

Ho fortalde også at ho var opptatt av å vera i stand til å sjå godheit og glede i dei små kvardagslege hendingane, og vera takksam for desse.

I dødsannonsen skriv dei pårørande at minnestunda berre er for dei næraste på grunn av korona.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK