Hopp til innhold

Mange ville sjå snåsamann-dokumentar

Over 22.000 nordmenn såg dokumentarfilmen om «Snåsamannen» i opningshelga. Dette er den beste opningshelga for ein dokumentar i Noreg.

Snåsamannen

Filmen om evnene til Joralf Gjerstad blei godt besøkt i opningshelga.

Foto: Speranza Film

Dokumentarfilmen om Joralf Gjerstad frå Snåsa i Nord-Trøndelag fekk mykje merksemd før premieren. «Mannen frå Snåsa» var opningsfilmen under Tromsø internasjonale filmfestival i førre veke.

Beste opningshelg

Joralf Gjerstad og Margreth Olin på premiere i Snåsa Samfunnshus

Margreth Olin har følgt møter mellom folk og mannen frå Snåsa.

Foto: J.Haudemann-Andersen. / NRK

Det har vore skrive mykje om dei påståtte lækjande evnene til Gjerstad. Og over 50.000 skal ha oppsøkt «Snåsamannen» på heimebane dei siste 65 åra for å få hjelp. I filmen til Margreth Olin får vi møte 22 av dei som har teke turen.

All merksemda Gjerstad har fått, har tydelegvis pirra folk. I går var det fulle hus då filmen hadde premiere i Snåsa. Og folk elles i landet har følgt opp. Til saman har over 20.000 nordmenn løyst billett til dokumentaren i opningshelga. Ifølgje distributøren er dette den beste opningshelga for ein dokumentar, både norsk og utanlandsk, i Noreg nokon gong.

Kritikk

Visning av Mannen fra Snåsa

Fulle hus då dokumentaren blei vist i Snåsa.

Foto: J.Haudemann-Andersen / NRK

Filmen har fått kritikk for ikkje å stille kritiske spørsmål ved evnene til «Snåsamannen». Men enkelte av skeptikarane meiner også at skulemedisinen har noko å lære av Gjerstad. Medan andre framleis er kritiske til evnene.

Opptaka til filmen blei gjort frå hausten 2014 til sommaren i fjor. Regissør Margreth Olin har sagt at ho har ønska å lage eit nøkternt og ærleg bilde av «Snåsamannen». Og ho meiner vi har noko å lære av Gjerstad og dei som oppsøker han.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)