Kvar fredag ettermiddag pakkar eit stort antal nordmenn sakene sine på arbeidsplassen og helser god helg til kollegane i det dei tassar ut av kontoret eller fabrikken, eller kor dei no enn jobbar.
Måneformørkelse (Foto: Gorm Kallestad, SCANPIX)
Kanskje ser du for deg ein vakker måneskinnstur med ein spesiell person, no som det er nærmast tropenetter i enkelte delar av landet. I så fall må du vere obs på at måneskinnsturen ikkje blir heilt som vanlig denne helga. For astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard kan fortelje at det blir ikkje like mykje måneskinn heile natt til søndag, då er det nemleg måneformørkelse.
Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre Arild Opheim snakke med astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard.
Saken vart lagt til rette for web av Per Kristian Johansen.