- Eg høyrte noko om at ho sendte inn ein song som eg har laga. Kven skulle tru det gå så bra, seier 17 åringen frå Moss.
Maria syng og i duoen Angelz saman med ei venninne. Ho lyttar ein del på populærmusikk særleg r&b.
Maria vert frå seg når P1 demo ringjer for å fortelje om at ho er første vekesvinnar i mars. Ho har aldri tenkt seriøst på å satse på musikken, no kan det derimot bli ei forandring på det.
- Kanskje dette var det litle pushet som eg trengde. Mine foreldre er musikarar og sjølv så går eg på musikklinja på Kirkeparken v.g.s i Moss. Musikk er med andre ord ein viktig del av meg.
I wish
Songen I wish har Maria skreve og komponert sjølv. Til saman har ho skreve ti-tolv songar som ho håpar å få spelt inn på.
- Eg lyttar ein del på r&b musikk. Destiny`s Child er klare favorittar.
- Kva er planane vidare?
- Dette her får meg til å tenkje litt. Fyrst og fremst så skal eg gjere meg ferdig med musikklinja her i Moss. Så får vi sjå etterkvart. Nokon stor draum om å bli popstjerne har eg ikkje, men kven kva som skjer?