At Sylfest Lomheim, med sin sterke identitet som nynorskbrukar, og at språkrådet trakk tilbake fråsegna om at berre etnisk norske kan kalla seg nordmenn var ei lette for Noregs Mållag og leiar Hege Myklebust.
- Når det gjeld spørsmål omkring identitet, nasjonalitet og nemningane på ulike folkegrupper, så er det veldig viktig å vera påpasseleg og sjå kva folk legg i nemningane og kva slags politisk tyding slike ord har.
Store utfordringar
I helga arrangerer mållaget ein internasjonal konferanse med fokus på språkbruk og nasjonalitet i Bergen. Leiar for Foundation for Endagered Languages, Nicholas Ostler tek del på konferansen. Han er britisk og opplever at problem knytte til språk og nasjonalitet er noko også heimlandet hans slit med.
Han fortel at i Storbritannia, som i Noreg, fører innvandring til utfordringar knytte til identitet. Fleire ministrar i landet har foreslått ein bør identifisere folks identitet gjennom kva idrettslag dei støtter, men det ville neppe fungert fordi innvandrarar stort sett held fram med å støtte landet dei oppminneleg kom frå.
Kulturnytt, NRK P2, 10. november 2006