– Det var veldig tøft å legge opp

ZADAR (NRK): Det vart vanskelegare enn forventa for Magnus Moan å slutte som toppidrettsutøvar. Då karrieren var over måtte han ha psykologhjelp for å komme seg vidare.

Magnus Moan

SLEIT: Magnus Moan er open om at han synest det var vanskeleg å leggje skia på hylla.

Foto: arne sørenes / nrk

– Eg har ikkje noko problem med å seie det. Eg har til tider vore ganske langt nede.

Magnus Moan snakkar om tida like før og etter han la opp som kombinertløpar i verdstoppen, våren 2019.

– I slutten av karrieren mi brukte eg utruleg mykje energi på å uroe meg for korleis det nye livet skulle bli. Kva var det som ville møte meg?

Å gå frå å vere ein toppidrettsutøvar som får alt lagt til rette for seg, til å bli ein «vanleg mann i gata», vart vanskelegare enn han trudde. Spørsmåla om kva som ville skje no slapp ikkje taket i hovudet hans. Familiemannen med kone og to born sleit med uro for korleis han skulle få endane til å møtast etter at konkurranseskia vart lagt på hylla for godt:

– Det følte eg var veldig, veldig tøft. Eg syntest det var vanskeleg å handtere det.

Moan meiner at dette er ei problemstilling som svært mange idrettsutøvarar slit med, men at det blir snakka for lite om det i idretten:

– Det her er noko som eg veit er eit tema som mange utøvarar bruker mykje energi på. Det er noko alle møter den dagen dei er ferdige som toppidrettsutøvarar. Likevel er dette er eit tema som mange slit med å snakke om.

Magnus Moan fortel om at det var tøft å legge opp

TØFT: Magnus Moan fortel om korleis det var å legge opp.

Ute av «Mesternes Mester»

Etter dei to første programma av den populære NRK-serien «Mesternes Mester» sat Magnus Moan øvst ved bordet som temavinnar etter seks konkurransar i «allsidighet». Men i det tredje programmet vart det brått slutt. I temaet «lagånd» enda Moan heilt nedst på resultatlista:

– Det er klart det er surt, det er ingen tvil om det.

Nattesten

BALANSE: Ingvill Måkestad Bovim og Magnus Moan i intens balansekamp i den andre nattesten i «Mesternes Mester».

Foto: nrk

I nattesten måtte han kapitulere for den tidlegare mellomdistansedronninga Ingvill Måkestad Bovim etter ein jamn balansekamp.

Dermed var det over og ut for trønderen som er den einaste norske utøvaren gjennom tidene som har tatt medalje i heile sju VM på rad.

– Det var små marginar i kampen mot Ingvill, men eg tapte mot ein person som absolutt var ein verdig vinnar og som gav meg kamp helt til «the bitter end». Uansett er eg utruleg stolt over å kunne huke av på CV-en at eg har vore med på «Mesternes Mester».

– Snakk om det!

For Magnus Moan ordna det seg med jobb raskare enn han hadde frykta. Han fann ut at han hadde to val då karrieren var over:

– Det eine er at ein kan setje seg ned og tenkje at no er reisa mi ferdig. At no er eg ikkje toppidrettsutøvar lenger og må vente til nokon ringer på døra. Eller så kan eg bruke det store nettverket eg har opparbeidd meg gjennom karrieren.

Moan gjorde det siste. I dag er han avdelingsleiar i eit bemanningsfirma i Trondheim.

At næringslivet ville ha den kompetansen han hadde opparbeidd seg gjennom ei lang karriere, vart ei aha-oppleving for Moan:

– Eg og andre idrettsutøvarar har opparbeida oss så vanvittig med erfaring og kompetanse i forhold til det å drive på med toppidrett. Vi kan prioritere og jobbe målretta. At vi så kan ta ut denne erfaringa og bruke den i det verkelege livet, er ein fantastisk moglegheit. Det byggjer sjølvtillit, det!

Moan takkar kona og den næraste familien for støtte då han sleit som verst. I tillegg fekk han hjelp av psykolog frå Olympiatoppen og karriererettleiingskurs i regi av utøvarorganisasjonen NISO.

No er han sjølv styremedlem i NISO der han vil bidra til setje søkelys på psykisk helse for toppidrettsutøvarar som er i sluttfasen av karrierane sine. For han er sikker på at han ikkje er den einaste som har fått vanskar når tida er inne for å slutte:

– Eg trur eg kan snakke for ganske mange når eg meiner dette er er eit tema som er viktig å ta opp. Vi i idretten må rett og slett bli flinkare til å snakke om det.

Mesternes mester, sesong 11. Episode 2

TEMAVINNAREN: Magnus Moan gav alt i dei fyrste konkurransane og enda på toppen av resultatlista i «allsidighet».

Foto: Sunniva Luca Veliz Pedersen / Rubicon TV/NRK

Kulturstrøm

  • Fire semifinalevinnere i Virtuos

    Ti musikktalenter konkurrerte fredag om fire finaleplasser i NRKs klassiske solist-konkurranse Virtuos 2020. Vinnerne som går videre til finalen er Nikita Khnykin, piano, Daniil Letiagin, slagverk, Balder Hella Mikkelsen, cello og Mathias Rugsveen, trekkspill. Finalen avholdes lørdag 21. mars.

    Vinnere av semifinalen i Virtuos
    Foto: Robert Rønning / NRK
  • Tor Obrestad er død

    Forfatter Tor Obrestad er død, 82 år gammel. Det melder Jærbladet. Obrestad ble kjent som del av Profil-kretsen på 60-tallet. På 70-tallet skrev han politiske romaner, blant annet «Sauda! Streik!». Den allsidige forfatteren uttrykte seg i flere ulike genre, særlig lyrikk. Obrestad var også en produktiv gjendikter og aktiv i flere litterære organisasjoner. Han døde fredfullt lørdag kveld.

    Tor Obrestad
    Foto: Øyvind Arntsen / NRK