Eit grønt jorde på Baroniet i Rosendal er gjort om til ei konkurranse-bane. Her står det blant anna ein liten innhegning og fleire kvite portar i god avstand frå kvarandre. Nokre hundre meter bak bana står over 100 sauer klare til å sleppast ut. Ved hjelp av fløytesignal og rop frå eigaren skal gjetarhundane drive 4 sauer i ei bestemt rute over bana. Vert det ikkje perfekt deler dommaren ut minuspoeng.
Veteran på heimebane
Reidar med hunden Sonja.
Reidar Guddal frå Seimsfoss like utanfor Rosendal er ein av veteranane i gjetarhund-miljøet. Han deltok i det aller fyrste fylkesmeisterskapet som vart arrangert, og i 1974 vart han fylkesmeister på heimebane i Rosendal.
I år stiller han med hunden Sonja, men sjølv om Sonja er flink, trur ikkje Reidar dei kan vinne. Han tippar ekteparet Hindenes frå Lindås kjem til å ta heim vandrepokalen. Både Sander og Liv Oddny Hindenes har vunne tidlegare, og Sander vart fylkeismester i fjor. Liv Oddny driv med avl av gjetarhundar, og ekteparet stiller med 3 hundar kvar.
Reidar gir oss ein liten demonstrasjon på korleis han dirigerer Sonja med fløyta som heng rundt halsen hans. Eitt signal betyr 'gå til venstre', eit anna ber Sonja gå til høgre. Ved hjelp av fløyte-signala og rop veit Sonja akkurat kvar Reidar vil ho skal gå. Reidar har mange slike kommandoar, og fortel at kvar hundeførar lagar sine eigne unike signal.
Ein fiende i vinden
Sonja dirrar av spenning. Ho veit at ho skal i elden i dag, og kan nesten ikkje vente til det er hennar tur. Sjølv om han har konkurrert i 30 år er også Reidar spent, han er usikker på om Sonja vil høyre fløytesignala hans. Vinden herjar i dei store trea kring bana, og lyden frå fløyta kan forsvinne i suset.
Reidar og Sonja samarbeider om å samle sauene i innhegninga.
Forbløffande kontroll
Dommar Kristian Kleppe slepp ikkje hunden med augene.
Eg står på sidelinja blant hunde-eigarar og sitrande gjetarhundar. Kvart par blir vurdert med argusauge, og ikkje alle er samde om det dei ser. Eg trur nesten ikkje mine eigne auge.
Hundeføraren må stå i ro rett framom dommaren, som har eit godt overblikk over bana. Hunden vert sendt ut i ein stor boge for å komme bak dei fire sauene som står mellom 200 og 400 meter vekke. Føraren bles i fløyta, og hunden er i gang. Den er overalt, kryp framover på magen, skiftar lynraskt side, spring og stoggar att. Ikkje alle sauene er like lydige, og ikkje alle hundane er like flinke, men når alt fungerer er det eit fascinerande syn.
Reidar og Sonja klarar seg bra, men får problem med den siste øvinga. Dei klarar ikkje å dele dei fire sauene inn i to par, og får 10 minuspoeng. Dei blir nok ikkje fylkesmeistrar i år.
Ektepar i pokalstrid
Det viser seg at det er dei to favorittane frå Lindås som knivar om fyrsteplassen. Sander Hindenes har 91 poeng med hunden Wisp, men Liv Oddny kan framleis gjere det godt med Sal, og når ho går på bana veit ho at dei kan vinne. Paret gjennomfører ein god runde,
Medan Sander og Wisp blei nummer to, stakk Liv Oddny og Sal av med fyrsteplassen i Rosendal.
og Liv Oddny smiler breitt når resultatet kjem. Ho leier med to knepne poeng på ektemannen, og Sander må overlate vandrepokalen til sin betre halvdel.
Reidar og Sonja klarde ikkje å hevde seg i år. Men Reidar prøver igjen neste år, då stiller han med ein yngre gjetarhund. Sonja er 9 år, og vil vere for gammal om eitt år. Men sjølv om ho ikkje kan konkurrere lenger, skal Sonja nyte pensjonist-tilværet heime på Seimsfoss med Reidar.