Dette treng du: Eit hardkokt egg utan skal, ei flaske med litt for smal tut til at egget går nedi av seg sjølv, og ein balje med kaldt vatn. (Og ein tryllestav viss du vil lure lillesøstra eller lillebroren din til å tru at dette er rein magi.) Skyll først flaska med veldig varmt vatn (Og pass fingrane for elles blir det Au!), sett egget fort oppå tuten av flaska og hald flaska ned i baljen med kaldt vatn. Her gjeld det forresten å vere litt stø på handa så ikkje egget dett av. Viss du har tryllestav så passar det no å plinge den på flaska og seie Sim Salabim eller noko anna som høyrest litt trylle-aktig ut! Etter ei lita stund kjem egget til å gli ned i flaska heilt av seg sjølv. Gjett om lillebroren din lagar store auge då!
Kva søren er det som skjer? Er det magi eller…? Neida, det er faktisk enkel kjemi. Det varme vatnet som du skylte flaska med gjer at lufta inne i flaska blir varm. Når du set flaska ned i baljen med kaldt vatn blir den varme lufta kald, og kald luft tar mindre plass enn varm luft. Dermed blir det mindre trykk inne i flaska enn utanfor. Og sidan egget som du sette oppå tuten fungerer som ein kork, kjem det ikkje luft verken inn eller ut av flaska. Men eit egg er jo ein ganske mjuk kork, og det klarar ikkje å stå imot suget frå innsida av flaska. Derfor gir det etter og glir inn i flaska av seg sjølv. Så enkelt er det!
I staden for å skylle flaska med varmt vatn kan du og putte ein brennande papirbit ned i flaska, og så sette på egget. Det gjorde eg og Bente i Tivoli Newton søndag 5 januar, og det funka kjempebra. Egget glei inn i flaska med ein fin ”skvosj”-lyd. Forklaringa er den same; den brennande papirbiten varmar opp lufta, men når egget blir satt på slukker flammen og då blir lufta kjølt ned igjen. Det vart litt feil i forklaringa på tv, då sa vi nemleg at det var oksygenet som vart brukt opp i reaksjonen som gjorde at det vart undertrykk inne i flaska. Men då gløymde vi at sjølv om oksygenet blir brukt opp så blir det danna mange andre gassar (blant anna karbondioksid) som gjer at trykket blir større. Det er altså oppvarminga og nedkjølinga av lufta som er det viktige!
No kan du jo gå i gong og prøve det sjølv. Lykke til!