Trine Eilertsen er politisk redaktør i Bergens Tidende. Ei stilling som gjer ho ansvarleg for kommentarstoffet og leiar-artiklane i avisa. Ho var også panelmedlem i programmet Mediemenerne på NRK 2.
Daglege meiningar og kommentarar
Eilertsen har kanskje ikkje fleire meiningar enn folk flest, men jobben krev av ho leverer godt grunngjevne meiningar og kommentarar dagleg.
Kva knep og teknikkar nyttar ho? Korleis kjennest det å heile tida måtte produsere standpunkt? Svara på dette får du i denne utgåva av Radio Røynda.
Der får du også Finn-Erix som bidreg med sin versjon av "Eg ser" og der Vetle-Ivar stiller med grundig faktaboks.
Norgesglasset NRK P1 03.06.2004
Vetle-Ivars faktaboks om Bergens Tidende |
---|
Bergens Tidende også kjent som BT. |
Utgjeve fysste gong 2. januar 1868. |
Nyttar både nynorsk og sidemål i spaltene og er soleis eit glitrande føredøme for andre aviser. |
Har i underkant av 500 tilsette. |
Blant desse er politisk redaktør Trine Eilertsen. |
Nordens vakraste politiske redaktør. |
Faktaboks slutt. |