Hopp til innhold

Lyrån før EDM i Stjernekamp – Frykta mamma på russebussrulling

Laurdag blir det trommemaskiner og syntheziserar når artistane i Stjernekamp skal gi seg i kast med elektronisk dansemusikk, EDM. Det er ein ukjent sjanger for fleire av deltakarane.

Stjernekamp

Alle artistane i Stjernekamp gjekk vidare etter første sending. Laurdag blir stemmene som kom inn sist lagt saman med stemmene som kjem inn under EDM-sendinga.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Med artistar som Kygo, Alan Walker og Cashmere Cat har Norge blitt sett på EDM-kartet. Denne musikksjangeren har dominert internasjonale hitlister dei siste åra, og er det vi kan kalle popmusikk av i dag.

Etter at alle kom seg meir eller mindre velberga gjennom stadionrock i sesongpremieren, skal artistane i Stjernekamp skape fest- og klubbstemning på NRK1 laurdag kveld.

– Mamma på russebuss

Hilde Lyrån i Stjernekamp 20127

EDM er ein ny sjanger for Hilde Lyrån. Den siste veka har ho brukt tida på å lære seg tekst og finne rett stil.

Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

For fleire av artistane blir dette ein ny og ukjent sjanger med eit ungt og særprega uttrykk.

– Eg var redd det skulle sjå ut som om mamma var ute og rulla med russebussen. Men eg har pugga tekst og prøvd å finne stilen, seier Hilde Lyrån, som var ein av dei som fekk færrast stemmer i første program.

Men det har ho prøvd å ikkje tenke for mykje på. I staden har ho fokusert på å brette opp ermane og jobbe på. Og ho har trua på at «All Night» med Icona Pop skal ta henne vidare:

– Det er ei skikkeleg gladlåt som folk kan synge med på. Eg høyrde gjennom mykje EDM-musikk for å velje rett låt, og likte denne godt.

Ho får også med seg eit barnekor med 40 barn på scenen, som ho trur kan skape ekstra gladstemning.

Hilde Lyrån prøver Stjernekamp program 2

40 barn frå Art Musikal- og ballettskole på Røa i Oslo og Showskolen i Hønefoss blir med Hilde Lyrån på scenen laurdag kveld. Dette er frå prøvene tidlegare i veka.

Foto: Helene Amlie / NRK

– Stor fallhøgde

Sjølv om han ikkje har sunge EDM sjølv, har Gaute Ormåsen eit ganske nært forhold til sjangeren. Han høyrer mykje på den type musikk, men han seier han er spent på å skulle synge live:

– Når folk høyrer på EDM, høyrer dei på musikk som er gjennomprodusert. Det er difor stor fallhøgde å skulle framføre slike songar live på TV.

Han var også blant dei som fekk færrast stemmer etter første program, og som difor kanskje må overtyde litt ekstra i EDM.

– Eg har blitt litt meir nervøs. Mange trur kanskje eg er roleg på slike ting, sidan eg var med i Idol i 2003. Men eg er ikkje ung og lovande lenger, og eg treng dei stemmene eg kan få. Så eg håper folk vaknar litt.

GAute Ormåsen i Stjernekamp 2017

Gaute Ormåsen er litt nervøs etter at han blei ein av dei som fekk færrast stemmer i første program av Stjernekamp. No håper han å overtyde i EDM.

Foto: Julie Marie Nagelstad / NRK

Dette er songane som skal framførast i kveld:

  • Makeda: «How Deep Is Your Love» (Calvin Harris & Disciples)
  • Erlend Bratland: «Dancing On My Own» (Robyn)
  • Aleksander Walmann: «Scared To be Lonely» (Martin Garrix & Dua Lipa)
  • Benedicte Adrian: «Running To The Sea» (Röyksopp feat. Susanne Sundfør)
  • Gaute Ormåsen: «Lay It On Me» (Ina Wroldsen & Broiler)
  • Hilde Lyrån: «All Night» (Icona Pop)
  • Didrik Solli-Tangen: «Breathe» (Seeb feat. Neev)
  • Ida Maria: «With Every Heartbeat» (Kleerup feat. Robyn)
  • Adam Douglas: «False Alarm» (Matoma & Becky Hill)
  • Lisa Børud: «Bang My Head» (David Guetta feat. Sia & Fetty Wap)

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh