Dei fem som no ligg på topp nokre timar før fristen er ute, er:
Sigmund Løvåsen med romanen "Nyryddinga"
Per Petterson med romanen "Ut å stjæle hester"
Sindre Mekjan med romanen "Liberty St."
Atle Hansen med romanan "Sargasso"
og Kjetil Brottveit med romanen "Nattradioen"
Beste kvinne
Frøydis Kvåle er den kvinna som har fått flest stemmer til no - med romanen "Glassblåserens munn".
Guttas år
- Det er guttas år i år, seier Marta Norheim og kikkar nedover lista med påmelde kandidatar til no. - To kvinnelege forfattarar og 18 mannlege. Ein uvanleg situasjon, for dei seks tidlegare åra har det vore jevnare mellom kandidatane. Sjøl om vi berre har hatt ein kvinneleg vinnar, Hanne Ørstavik, fortel Norheim.
Tid enno
- Til og med måndag 1. desember er det muleg for lyttarar og lesarar å melde på kandidatar til P2's Romanpris 2003. Alle romanar som er gjevne ut i 2003 kan ein melde på.
Vera med i juryen?
Til og med måndag 1. desember er det òg muleg å melde seg på til å vera med i juryen som til slutt skal kåre vinnaren. Den skal som alltid ha brei variasjon i kjønn, alder, bakgrunn, litterær interesse og geografi.
Seks nominerte
Lyttarar og lesarar plukkar ut ein av dei seks som går til finalen. En fagjury vel ut dei andre fem kandidatene. Så er det opp til folkejuryen å diskutera seg fram til ein vinnar av P2s Romanpris 2003. Kåring og prisutdeling finn stad først neste år.