Hopp til innhold

Louvre til Abu Dhabi

Ein avleggar av det berømte franske museet skal vere på plass i Midtausten innan 2013.

Louvre i Abu Dhabi
Foto: ERIC FEFERBERG / AFP

Tysdag lanserte Frankrike og Dei sameinte arabiske emirata eit prosjekt kalla "desert Louvre" ("Ørkenens Louvre"), som skal bringe det turistmagneten med det kulturikoniske namnet til den oljerike Gulfen.

Den franske presidenten Nicolas Sarkozy opna saman med kronprins Sheikh Mohammad bin Zayed al-Nahayan byggjeprosjektet, som skal vere ferdig i løpet av 2013.

Saman opna dei to statsoverhovuda utstillinga "Talking Art: Louvre Abu
Dhabi", som fram til 2. juni skal syne dei første franske kunstverka i samarbeidsprosjektet.

Verka spenner frå frå greske keramikkfigurar frå rundt 520 år før Kristus, til to måleri av kunstnaren Edouard Manet frå 1862.

Kostar 3,6 milliardar

Louvre Paris

Louvre i Paris.

Foto: LIONEL BONAVENTURE / AFP

Avtalen som no har blitt signert mellom dei to landa, går over tretti år, og dreier seg om utlån av namnet Louvre og fleire kunstverk. Kjende verk som Mona Lisa og Venus de Milo kjem ikkje til å forlate Louvre i Paris, men derimot vil Louvre Abu Dhabi få låne hundrevis av kunstverk frå Louvre og andre franske nasjonalmuseum.

Berre for lånet av merkenamnet Louvre betalar museet i Abu Dhabi 400 millionar euro, eller nesten 3,6 milliardar kroner.

Ørkenens Louvre er designa av den franske arkitekten Jean Nouvel, og skal bli eit 24 000 m2 stort byggverk toppa av ein kuppel inspirert av tradisjonell arabisk arkitektur.

- Abu Dhabi sitt Louvre-prosjekt er unikt, og ikkje noko forsøk på å kopiere Louvre i Paris. Det skal bli eit museum som ber med seg to kulturar og to tradisjonar, seier Henri Loyrette, direktør for franske Louvre, til nyheitsbyrået AFP.

Kritikk for dårlege arbeidstilhøve

Sokrates, Louvre, Paris. foto Wikipedia

Sokrates, eit av kunstverka som kan bli utlånt til Abu Dhabi.

Foto: Wikipedia

Ørkenens Louvre skal bli ein del av eit luksuskompleks på øya Saadiyat, som er eit viktig prosjekt for emirata sin turistindustri.

Men prosjektet har fått kritikk frå menneskerettsforkjemparar, fordi myndigheitene ikkje har tatt tak i utnytting av framandarbeidarar.

Arkitekt Nouvel seier til nyheitsbyrået AFP at byggherrane gjer sitt beste for å sjå til arbeidarane.

- Det er særs viktig å vere merksame på sikkerheita og velferda til alle som er innleigde. Vi insisterer på å få sjå korleis arbeidarane har det på alle byggjeplassane, men det er vanskelegare enn det var for nokre tiår sidan - arkitekten har ikkje lengre full oversikt.

Det statlege turistutviklings- og investeringsselskapet i Abu Dhabi avviser anklagene om misbruk av arbeidskraft.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.