NRK Meny
Normal

Løken Stavrum sluttar i Presseforbundet

Kjersti Løken Stavrum sluttar som generalsekretær i Norsk Presseforbund for å bli administrerande direktør i Stiftelsen Tinius og Blommenholm Industrier.

Kjersti Løken Stavrum, generalsekretær i Norsk Presseforbund

Kjersti Løken Stavrum seier opp stillinga som generalsekretær i Norsk Presseforbund for å bli direktør i Stiftelsen Tinius og Blommenholm Industrier.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Løken Stavrum varsla Presseforbundet i dag om at ho seier opp stillinga for å ta over direktørstillinga i Stiftelsen Tinius. Ho tek over jobben til Sindre Østgård, som blir dirketør for produkt- og forretningsutvikling i Discovery Networks i Norge og Sverige, skriv Norsk Presseforbund på nettidene sine.

I pressemeldinga skriv Løken Stavrum at ho er glad for tida ho har hatt som i Presseforbundet:

– Stillinga som generalsekretær i Norsk Presseforbund er på mange måtar ein draumejobb. Det har vore eit privileguium å jobbe for presseetik, offentligheit og ytringsfridom i desse åra.

Har fornya Presseforbundet

Kjersti Løken Stavrum byrja i Norsk Presseforbund i 2013. Styreleiar Gunnar Kvassheim seier dei gjerne skulle ha behalde henne lenger:

– Kjersti Løken Stavrum har gjort ein svært god jobb som generalsekretær i Norsk Presseforbund. Ho har ei stemme det blir lytta til i det offentlege ordskiftet, og ho har bidrege til fornying og modernisering av Norsk Presseforbund.

Kjersti Løken Stavrum har meir enn 25 års erfaring som journalist og redaktør i ulike publikasjonar. Ho var også i fleire år leiar for Oslo redaktørforening, og har vore varamedlem og deretter medlem av Stiftelsen Tinius og Blommenholm Industrier sidan 2007.

Kulturstrøm