Hopp til innhold

Endeleg livsteikn frå Dawit Isaak

Etter fem år får ein endeleg stadfesta at den svenske-eritreiske journalisten Dawit Isaak, som sit fengsla i Eritrea, er i live. Men familien fryktar framleis for livet hans.

Dawit Isaak

Både i Stockholm, og fleire andre stader, synte folk sin stønad til Dawit Isaak på pressefridomens dag i går.

Foto: OLIVIER MORIN / Afp

I går vart det kjent at ein svensk tv-reporter har møtt Dawit Isaaks tidlegare fangevaktar, som stadfestar at Dawit er i live.

Familien hans er både letta over beskjeden. Men samstundes er dei uroa, fordi helsetilstanden hans skal vere alvorleg.

— No har vi lita tid. No kjem vi inn i ein periode fra mai-oktober der det er utruleg varmt. Og som fangevaktaren sa til meg kjem mange av fangane til å miste livet i denne perioden, seier Esayas Isaak, bror til Dawit Isaak.

Fekk ytringsfridomspris

Dawit Isaak flykta saman med familien til Sverige på 1980-talet, men han vende tilbake etter at heimlandet Eritrea vart sjølvstendig. Der han arbeidde som journalist og forfattar. Men sidan 2001 har har han sete fengsla i Eritrea, for å ha kritisert regimet til president Isais Afewerik.

I år fekk Dawit Isaak ytringsdomspris frå Den norske Forfatterforening . Familien til Isaak bur framleis i Sverige, men dei har ikkje høyrt frå han dei siste fem åra. I går fekk familien svar på fleire ubesvarte spørsmål.

— Eg håper og drøymer at han skal sleppe ut frå fengselet, men eg veit ikkje, sa Dawit Isaaks kone, Sofia til NRK, då i mars tok imot prisen på vegne av mannen.

Video nsps_upload_2010_3_2_18_10_23_2694.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Dawit Isaak fekk ytringsfridomspris tidlegare i år.

Intervjua fangevaktaren

Den svenske journalisten Lars Adaktusson frå TV8, har gjort eit intervju med ein tidlegare fangevaktar som for kort tid sidan rømde frå dei grusame ting som gjekk føre seg i fengselet Eira Eiro. Fangevaktaren kan fortelje at Dawit Isaak er i live, og har site i dette fengselet sidan 2006.

— Fengselsvaktaren er ein 35-årig mann som har jobba ni år i det eritreiske fengselsvesenet. Mellom anna i høgtryggleiksfengselet Eira Eiro, der Dawit Isaak sit, seier Adaktusson til Sveriges Radio.

For å sikre at opplysingane frå fangevaktaren var truverdige, hadde han med seg Dawits Isaaks bror, Esayas.

Stol mental påkjenning

SWEDEN-ERITREA-EU-MEDIA-RIGHTS

I Sverige er det laga t-skjorter med bodskapen om at Dawit setjast fri.

Foto: OLIVIER MORIN / Afp

Cella Dawit Isaak sit på er berre 3x3 meter stor. Der sit han med handjern på, og i total isolasjon, utan høve til å kommunisere med nokon. Fangevaktaren fortel til Adaktusson at 15 fangar har døydd dei siste åra, og at han er uroa for Dawits helse.

— Han seier sjølv at han har sett Dawit Isaak verte meir og meir deprimert, at han har store problem med å takle den totale isolasjonen mentalt. Med tanke på at sjølvmord har førekome blant fangane, kan ein ikkje sjå vekk i frå at også Dawit Isaak kan kome til å ta livet av seg, seier Lars Adaktusson.

— Må handle raskt

Eritrea ligg heilt nedst på Reportere utan grenser si rangering for ytringsfridom, til og med under Nord-Korea. Bjørn Tunbeck fra «Reportere uten grenser» meiner at svenske styresmakter må slutte med stille diplomati og heller handle.

— Tida renner raskt ut. Dei fleste som har vorte fengsla i dette fengselet har allereie døydd. Vi kjem til å halde fram med å gjere det vi kan. Vi får håpe at dei som har meir makt enn oss bruker den makta til å gjere noko skikkeleg for Dawit Isaak, seier Bjørn Tunbeck.

Dawit Isaak har svensk statsborgarskap, og han har i Sverige vorte eit symbol på kampen for ytringsfridom. Difor vart det på pressefridomens dag i går halde appellar om å frigje Dawit Isaak fleire stader i Sverige .

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)