Livsstilsbloggarar vil bli meir samfunnsengasjerte

Fleire bloggarar ønsker å engasjere seg etter at Sophie Elise vann dei to gjevaste bloggprisane fredag.

Sophie Elise kåret til årets blogger

Sophie Elise vann bloggprisar etter at ho blei meir samfunnsengasjert. No vil fleire følge etter.

Foto: Petter Sommer/NRK
Espen Alnes
Journalist
Petter Sommer
Journalist

Bloggaren Sophie Elise blei kåra til årets bloggar og folkets favoritt under utdelinga av Vixen Blog Awards fredag kveld. Det skjedde etter eit år der ho engasjerte seg saker som palmeolje i påskeegg, klimakrisa og flyktningekrisa.

– Ho har vore gjennom ei reise frå soverommet til å bli ein samfunnsytrar, og skapt merksemd rundt saker som ein kanskje ikkje skulle tru at den typen bloggar bruker energien sin på, seier jurymedlem og journalist i Dagens Nærinsliv, Jorun Sofie Aartun til NRK.

«Fotballfrue» følger etter

Blogger og "fotballfrue" Caroline Berg Eriksen under innspillingen av TV2s Senkveld

Bloggar Caroline Berg Eriksen vil skrive meir om samfunnsspørsmål.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Samfunnsengasjementet til Sophie Elise blir trekt fram som ein viktig grunn til at ho vann prisane i år. Og no følger fleire etter. Etter utdelinga sa «Fotballfrue» Caroline Berg Eriksen, som vann prisen for årets livsstilsblogg, at ho også kjem til å skrive meir om samfunnsspørsmål i året som kjem.

– Eg har så smått starta å tenke litt i den retninga sjølv. Eg har blitt meir vaksen, og leserane mine følger meg. Mange av dei er på min alder også. Og etter kvart som ein blir eldre, blir ein også meir oppteken av samfunnstema.

Maktforskyving

Martine Lunder

- Sophie Elise har hatt eit eventyrleg år, meiner Martine Lunder som er leiar for Minmote-redaksjonen i VG.

Foto: OleGHN / photo by oleghn

I løpet av 2015 har Sophie Elise Isachsen gått forbi Caroline Berg Eriksen som den mest leste bloggen i Noreg. Leiar for moteredaksjonen i VG, Minmote, Martine Lunder, kallar det som har skjedd for ei maktforskyving i bloggverda.

– Sophie Elise har hatt eit eventyrleg år. Ho har skifta image ved å gå frå å vere rosabloggar til å vere ei engasjert samfunnsstemme som bryr seg om viktige tema. Og det trur eg norske, smarte jenter vil ha.