Ja, eg FÅR berre beklage om det er noken sauer blant dokke som les dette, men sånn er livet; du endar nok opp i ei gryte fårikål! Det hjelper neppe å protestere, slik er det berre.
Det vil seie; det er kanskje ei mulighet. Du unngår neppe fårikålgryta, men du får i det minste ein sjanse til å få noke meir ut av livet som sau. Du kan gjere karriere!
For bonde og sagbrukseigar Ingmar Aasen i Valle i Setesdalen, han har sett sauene sine i arbeid med å barke tømmer, ifølge Fædrelandsvennen.
Sauene går ute rundt saga hans heile vinteren, og får gnage fritt på tømmerstokkar med furubark. Sauene elskar barken, og når dei har gnagd rein ein tømmerstokk blir det eit flott mønster i stokken. Og mønsteret, då, det blir finare enn det Aasen sjølv klarer å gjere med barkemaskin eller barkespade, og hyttefolket betalar god pris for å få tømmeret med tannmerker frå sauer. Så attraktivt er det at det er lang bestillingstid.
Om sauene blir drivne hardt? Nei, det virkar som fagforeninga deira har gjort ein god jobb. For no blir produksjonen av sauegnagde stolpar lagt heilt ned, mens arbeidssauene får fire måneders fellesferie på fjellbeite.
ADVARSEL: Eg veit denne advarselen kjem litt seint, sidan den står nederst på sida. Uansett; eg vil advare mot eit latterlig dårlig skriftspråk her i "Arilds absurditorium", som ikkje er rikskringkastinga verdig. Men ikkje hiss deg opp og ring til Bernander i sinne, for alt har si forklaring. Desse historiene er nemlig skrive for muntlig framføring på mi langt frå gramatisk riktige dialekt. Så pliiiis; ikkje klag til sjefen min, då?