Hopp til innhold

Liverpool-sjef blir ny Oslo-dirigent

– Oslo-filharmonien er eit godt orkester, men eg veit korleis eg kan gjere det betre, seier Vasily Petrenko, som blir orkesterets sjefdirigent frå 2013. 34-åringen har vekt oppsikt internasjonalt som sjefdirigent for Liverpool-filharmonien.

Vasily Petrenko

Vasily Petrenko tek over som sjefdirigent for Oslofilharmonien i 2013, etter Jukka-Pekka Saraste.

Foto: Mark McNulty

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vasily Petrenko vart Liverpool-filharmoniens yngste sjefdirigent gjennom tidene då han tok over i 2006. Orkesteret har fått eit stort løft med han ved roret, og Petrenkos innsats har blitt lagt merke til.

Les Ragnhild Veires kommentar: Lovende ny Oslo-dirigent

Fleire orkester skal ha vore på jakt etter den unge russaren, men Oslo-filharmonien har vore i samtalar med Petrenko sidan han dirigerte orkesteret i desember 2009.

Sjå Vasily Petrenko fortelje om sitt første møte med Oslo-filharmonien:

Video Petrenko om Oslo-filharmonien

Du kan sjå heile dette eksklusive intervjuet med Vasily Petrenko i Hovedscenen på NRK2 søndag kveld kl 21.55. (Foto: Ole Fredrik Haug/NRK)

Ingen diktator

Petrenko har fått si opplæring ved St. Peterburgs beste eliteskular, og ber på ein stolt arv frå den russiske dirigenttradisjonen. Sjølv er han oppteken av at dirigenten må jobbe på lag med orkesteret:

– Eg meiner at tida for diktatoriske dirigentar er forbi, seier Vasily Petrenko.

– Mellom dei store dirigentane finst det berre to slike igjen, Riccardo Muti og Valery Gergiev. Mitt credo er «vi er musikarar», både eg og orkesteret, og vi skaper musikken. Eg prøver å hjelpe orkesteret å gjere deira musikk betre, ikkje vise dei at eg er ein superhelt og dei mine reiskapar.

Sjå Petrenko dirigere og instruere Castilla y Leon-orkesteret i den spanske byen Valladolid:

Video PETRENKO2-170211-WW

Ser etter hus i Oslo

Petrenkos engasjement i Liverpool-filharmonien varer til 2015, og det kjem han til å fullføre parallelt med arbeidet i Oslo. Dirigenten har stifta eigen familie og bur i Liverpool, men utelukkar ikkje at han kan kome til å flytte til Oslo:

– Eg har vore i kontakt med eigedomsmeklarar og ser etter hus, men eg må sjå det an, seier 34-åringen.

– Som familiemann og dirigent ville nok det ideelle for meg vere å ha to basar der eg kan opphalde meg når som helst. Eg er veldig lei av å bu på hotellrom.


Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober