NRK Meny
Normal

Live Nelvik blir ny programleiar «Lørdagsrådet»

I slutten av januar tek Live Nelvik over som programleiar for P3-programmet «Lørdagsrådet». – Ho er den beste kvinna til å forvalte denne jobben vidare, seier redaksjonsleiar Trine Sollie.

fv Siri Kristiansen, Live Nelvik og Aleksander Schau

Siri Kristiansen (t.v.) har leia «Lørdagsrådet» på P3 i fleire år. Etter at ho valde å ikkje forlenge kontrakten med NRK nyleg, blir det Live Nelvik (i midten) som tek over stafettpinnen. Her er dei saman med Aleksander Schau i programmet «Historisk».

Foto: Julia Naglestad / NRK

I desember blei det kjent at programleiar Siri Kristansen sluttar i NRK. Laurdag 20. januar har ho si siste direktesending av «Lørdagsrådet» på P3. Kristiansen starta som radiojournalist i NRK i 2007, og har leia ei rekke program på både radio og TV.

No er det klart at Live Nelvik blir den som tek over som programleiar for «Lørdagsrådet», som er eit program der kjente folk gir råd i dilemma innsendt av lyttarane. Nelvik har ved fleire høve vore med i rådgjevarpanelet. Ho har tidlegare også vore programleiar for blant anna «P3morgen» og «Drillpikene» på P3, og i TV-program som «Historisk» og «Underholdningsavdelingen».

– Ei av dei beste

– Vi er glade for at Live Nelvik vil leie programmet vidare når Siri Kristiansen gir seg. Live er ein av det beste og mest morosame radiostemmene vi har i Noreg, seier redaksjonssjef Trine Sollie.

«Lørdagsrådet» har vore eit svært populært program på P3, og det var viktig for kanalen å finne den rette arvtakaren til å leie programmet vidare. Med Live Nelvik i stolen. er Sollie viss på at dei har funne rett person.

– Live Nelvik kjenner programmet godt, og er den beste kvinna til å forvalte denne jobben vidare. Hun har også tidligere ledet P3Gull

Kulturstrøm