Hopp til innhold

– Det verste eg har gjort

20 år etter førre teaterrolle i Noreg er Liv Ullmann tilbake på scena i «Lang dags ferd mot natt» på Riksteatret.

Liv Ullmann og Bjørn Sundquist

Liv Ullmann og Bjørn Sundquist i samspel for første gong i Lang dags ferd mot natt.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Riksteatret si oppsetning av Lang dags ferd mot natt har allereie fått stor merksemd, mest fordi Liv Ullmann skal spele si første teaterrolle i Noreg sidan 1990.

– Eg synest det har vore heilt fantastisk. Eg er så imponert, stolt og glad for å vere med. Eg ynskte å vere ein del av eit ensemble, sa Liv Ullmann under lanseringa i dag.

Med seg har Liv Ullmann eit stjernelag med Bjørn Sundquist, Anders Baasmo Christiansen, Pål Sverre Valheim Hagen og Viktoria Winge.

Stjernelag på turné

Liv Ullmann og Bjørn Sundquist

Lang dags ferd mot natt er regissert av Stein Winge.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

I dag var det pressevisning av stykket til Eugene O'Neill, som handlar om eit familieoppgjer som utspeler seg løpet av eit døgn. Stykket får premiere 1. september i Oslo, etterpå skal framsyninga ut ein omfattande noregsturne på som tek til i Røros. Det heile vert avslutta på Dramaten i Stockholm i desember.

Dette er tredje gongen Anders Baasmo Christiansen er med i eit stykke på Riksteatret. No får han dessutan spele i favorittstykket sitt.

– For å vere heilt ærleg er det første gong eg er med på ei oppsetjing der det ikkje er nokon svake ledd. Eg synest det er utruleg godt å kunne vere trygg på kollegane, å kunne utfordre og verte utfordra tilbake. Det er ikkje alltid det opplevast slik.

Under prøvene har skodespelarane mellom anna vore på Fårö, der Ingmar Bergman tidlegare budde.

– Det er ein utruleg intens produksjon, utan at eg heilt veit kvifor, seier Pål Sverre Valheim Hagen.

Saman for første gong

Teatersjef Ellen Horn var også svært nøgd med at ho har klart å lokke med Bjørn Sundquist på turné med Riksteatret. I Lang dags ferd mot natt speler Bjørn Sundquist og Liv Ullmann mot kvarandre for første gong.

– Å få spele med Bjørn Sundquist, som eg aldri har spelt med før, det er ei stor ære, seier Liv Ullmann.

– Det å verte kjent med Liv – no seier eg Liv, i byrjinga sa eg Liv Ullmann – har vore ei gåve for meg. Ho er eit så sjenerøst menneske, så audmjuk og så hardtarbeidande, seier Bjørn Sundquist.

Han fortel at dei ikkje alltid var samde om korleis ting skulle løysast.

– Men nettopp denne kampen liker eg veldig godt.

– Det verste eg har gjort

Ellen Horn på lanseringa

Teatersjef Ellen Horn er spent på mottakinga frå publikum.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Liv Ullmann gler seg til å leggje ut på tur rundt omkring i Noreg, sjølv om stykket er ei mental påkjenning å spele i.

– Eg er så glad for at eg skal vere med på bussen og spele på kvelden og slikt. Men det er forferdeleg vanskeleg, det er det verste eg har vore med på, seier Ullmann.

Mange av framsyningane er allereie utselde, før stykket har hatt premiere.

– Det vert spanande å sjå korleis publikum møter stykket. Forventingane er skyhøge, seier teatersjef Ellen Horn.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)