Hopp til innhold

Lindmo fekk hjerneristing: Spelte inn podkast sengeliggande

Den kjende programleiaren Anne Lindmo fekk hjerneristing etter ein skitur: – Hovudet mitt byrja å «knirke», fortel ho.

Anne Lindmo på skitur

Skientusiasten Anne Lindmo fekk ei lett hjerneristing etter ein skitur førre helg.

Foto: privat

Anne Lindmo (50) som vanlegvis er å sjå i «Lindmo» under Gullrekka, er svært glad i å vere ute i naturen på fritida.

Førre helg gjekk turen til Romeriksåsen. Det var mykje snø, høg fart og harde, isete løyper. Og då den rutinerte skigåaren skulle køyre ned ein bratt bakke, gjekk ikkje alt som planlagt.

– Også veit eg ikkje heilt kva som skjedde. Eg trur at eg køyrde på ein stein og så gjekk eg på rumpa. Men der har eg gudskjelov ganske god padding, så eg reiste meg berre opp, lo brydd og haldt fram.

Anne Lindmo fekk hjerneristing då ho gjekk på skitur

Rett før Lindmo fall, filma ho sola som gløtta fram mellom trea.

Ville legge seg midt på dagen

Det var fyrst dagen etter at ting viste seg å ikkje vere heilt som dei skulle.

– Hovudet mitt byrja å seie «knirk», og augeloka byrja å sige. Eg fekk ufatteleg lyst til å legge meg klokka 13 på dagen.

Det er svært sjeldan Lindmo har det slik, difor vart ho mistenksam.

– Når eg har lyst til å legge meg og trekke pleddet over hovudet klokka 13 på ein kjempefin søndag med sol. Da skjønte jo eg og at her er det noko som ikkje er heilt som det skal vere.

Ho forklarer at ho overvurderte eigne skiferdigheiter og at ho undervurderte kor skarp og bratt bakken var.

– Dette er jo et klassisk tilfelle av hovmod som står for fall, seier ho og legg til:

– Og folk fell jo som fluer rundt i Oslomarka no, fordi det er så skarpt føre.


Spelte inn podkast frå senga

Halvor Haugen og Rune Norum Engelsøy måtte spele inn podkast utan Lindmo i studio denne veka. Men ho var med heime frå senga, med lukka gardiner og eit pledd over knea.

Høyr heile historia under:

Lindmo spelte inn podkast frå senga

Anne har gått på trynet på skitur og må podde frå senga.

Lindmo hadde ein grundig samtale med legen sin etter hendinga og fekk gode råd. Ho seier ho er takksam for at ho har ein svært fleksibel redaksjon.

– Eg fekk beskjed om å kvile mykje og gjere mesteparten av jobben med lukka auge medan kjeften går.

– Etter forholda har det gått bra.

Trass i hjerneristinga er Anne Lindmo venta tilbake på skjermen i fredagens episode av «Lindmo».

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober