Hopp til innhold

Levde i universet til Murakami

– Reisa til Japan var som å konstant vere i det litterære universet til Haruki Murakami, fortel lesaren Anette Solli, i sommarserien på NRK.no om bøker og reiser.

Anette Solli

Anette Solli fekk oppleve bløminga til magnoliatreet i Sasayama, i Haruki Murakamis Japan.

Foto: Anette Solli

I sommar leitar Kulturnytt og NRK.no etter spanande litterære reiseminne. Så langt har mellom andre Hanne Hoftun fortalt om si jakt på Tove Nilsens Kreta , og fleire lesarar fortalt om reiser inspirert av bøker . Har du ei historie du vil dele med oss? Send ein e-post til nettkultur@nrk.no!

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Studenten Anette Solli hadde vore i Japan ein gong tidlegare, og ville gjerne tilbake dit.

– Eg har lese mykje av Haruki Murakami. Og bøkene hans vart for meg ein del av ein større idé om Japan.

Magien i naturen

I vår nytta ho difor høvet til å reise til Japan, før innspurten med masteroppgåva i samfunnsgeografi.

– Eg liker stemninga i bøkene, det er synonymt med det eg vert tiltrekt av i den japanske kulturen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Japansk hage i Kyoto

Naturen er eit viktig element i Murakami sine bøker. Her ein japansk hage i Kyoto.

Foto: Anette Solli

I løpet av seks veker i Japan i vår, opplevde ho mellom anna bløminga til både kirsebærtreet og magnoliatreet. Og nettopp det mystiske i naturen og naturmetaforane er er noko av det ho liker med bøkene til Murakami.

– Eg var konstant i denne stemninga og universet til Murakami, med det magiske i naturen.

Ho synest det var ei oppleving å brått vere i den kulturen og naturen ho kjenner att frå bøkene.

Nådde aldri fram til stranda

Saman med ei veninne arbeidde ho i løpet av reisa på ulike økologiske gardar, og forflytta seg slik sørover i Japan. Eit av måla var Shikoku-øya der deler av handlinga i Kafka på stranden er lagt til.

– Men vi kom oss aldri heilt dit. Det var så mange opplevingar undervegs, og så hadde vi litt knapt med pengar.

Den siste veka av Japan-opphaldet var ho i Tokyo, som også er settingen for delar av Haruki Murakami sine memoarar What I Talk About When I Talk About Running.

– Endå meir levande

Før Anette reiste til Japan hadde ho byrja å lese romanen Kafka på stranden, men las ikkje ferdig boka.

– Eg las ikkje ferdig Kafka på stranden då, men held på å lese ferdig no. Og etter å ha vore der vert det endå meir levande.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Raud soloppgang i Kumano

Raud soloppgang på ei strand i Kumano.

Foto: Anette Solli

Ho ser boka som ei skildring av uroen i eit menneske, og det å søkje etter fred og ro. Dette vart ein parallell til hennar eige liv, med den litt kaotiske tilstanden ein er i under arbeidet med ei masteroppgåve.

Kafka på stranden vart ei veldig personleg oppleving for meg, og eg ville oppsøkje stemninga frå boka. Det vart ei reise med vekt på sansing, og søken etter fred.

Poetisk og surrealistisk

Anette har fleire bøker av Haruki Murakami ho enno ikkje har lese. Ho liker spesielt dei surrealistiske elementa i bøkene, og favorittboka så langt er Kafka på stranden.

– Eg les Murakami-bøkene sakte, for dei er så fine litterært. Han har ein veldig poetisk måte å skrive på.

I august kjem Haruki Murakami til Noreg, og Litteraturhuset i Oslo .

– Det håper eg å få med meg, seier Anette Solli.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)