Hopp til innhold

Levande legende på noregsbesøk

Når 91-årige Ravi Shankar laurdag kveld held konsert i Oslo, er det med ei scenerøynsle knapt nokon i verda kan måle seg med.

Ravi Shankar

Ravi Shankar vitjar Oslo denne veka for å halde konsert i Folketeatret, i høve Melafestivalens tiårsmarkering.

Foto: Masood Rizvi / Horisont

Ravi Shankar kom til Paris som tiåring i 1930, og turnerte i Europa og USA med broren Uday sitt dansekompani frå han var 13.

I 1938 reiste han tilbake til India og tok til å studere klassisk indisk musikk, og på 1950-talet drog han på nye turnear i USA, no som musikar.

Lærte George Harrison å spele sitar

– Eg spelte i store auditorier, men ikkje så mykje for den yngre generasjonen, fortel Ravi Shankar til NRK.

Dette endra seg då han i 1965 møtte George Harrison, som skaffa seg sitar og seinare reiste til India i seks veker for å lære å spele. Koblinga til The Beatles gjorde Shankar til stjerne også i den vestlege verda.

– Frå midten av 1960-talet nådde eg også dei unge. Det har vore fantastisk å kunne formidle indisk musikk ikkje berre til eldre lyttarar, men også til dei yngre.

Indisk trend innan rocken

Harrison vart introdusert til Ravi Shankar gjennom bandet The Byrds, som delte studio med Shankar og let seg inspirere av indisk musikk i låtar som «Eight Miles High» og «Why». Sitarsoloen på «Norwegian Wood» var det første avtrykket Shankar-inspirasjonen sette på Beatles' musikk, og «Within you without you» kanskje det sterkaste.

Indiskinspirert musikk vart ein trend innan rocken resten av tiåret, gjerne under merkelappen raga rock, og Shankar vart mellom anna invitert til Woodstock-festivalen. Indisk kultur vart i det heile omfamna av hippierørsla, noko Shankar etter kvart fekk blanda kjensler for:

– Blomsterborna elska den indiske haldninga til humanitet, fred og kjærleik, men dei blanda det saman med rusmisbruk. Det såra meg.

Vart samanlikna med Mozart

Shankar samarbeidde parallelt også med fleire berømte klassiske musikarar, som cellisten Mstislav Rostropovich og fiolinistane David Oistrakh og Yehudi Menuhin. Menuhin hylla indarens musikalitet og samanlikna han med Wolfgang Amadeus Mozart:

– Ravi Shankar har gitt meg ei dyrebar gåve, og gjennom han har eg lagt ein ny dimensjon til mine musikkopplevingar. I mine auge kan genialiteten og humaniteten hans berre samanliknast med Mozart, sa Menuhin om Shankar.

Høyr Yehudi Menuhin og Ravi Shankar spele «Prabhati» i lag:

Norah Jones

Norah Jones.

Foto: EMI Music

– Stolt av begge døtrene mine

Anoushka Shankar

Anoushka Shankar.

Foto: Bikas Das / AP

Ravi Shankars musikalske arv vert godt teken hand om av neste generasjon; dei to døtrene Norah Jones (f. 1979) og Anoushka Shankar (f. 1981) er anerkjende musikarar på kvart sitt felt. Songarinna og låtskrivaren Jones er mellom dei mestseljande artistane i vår tid, medan halvsøstra Anoushka er sitarspelar og komponist i farens fotspor.

– Eg har jo både vore faren og læraren hennar, og ho er mellom mine beste studentar, nei, den beste studenten, seier Ravi Shankar om dottera Anoushka.

– Ho er også kreativ, og gjer sine eigne, veldig interessante ting, noko som har gjort henne svært populær. Eg er stolt av begge døtrene mine. Dei er som mine to auge.

Høyr Anoushka Shankar spele farens komposisjon «Your Eyes»:

Ravi Shankar held Melafestivalens tiårskonsert i Folketeateret i Oslo laurdag 3. september kl 1930.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.