NRK Meny
Normal

Lego snur etter kunstkritikk

Lego har ombestemt seg, og vil likevel la kundar kjøpe store parti med legoklossar utan at selskapet spør kva dei skal brukast til.

Ai Weiwei

LEGO SNUR: Den kinesiske kunstnaren Ai Weiwei kan likevel få kjøpe legoklossar, etter at leiketøysprodusenten har snudd.

Foto: Ed Jones / Afp

Leiketøysprodusenten Lego møtte sterk kritikk då dei i oktober nekta den kinesiske kunstnaren Ai Weiwei å kjøpe tusenvis av legoklossar fordi dei skulle brukast i eit politisk kunstverk. No snur den danske leiketøysprodusenten, skriv The Guardian.

Donasjonar

Britain Art Exhibition

SOLSIKKEFRØ: Hundre millionar handmåla porselensfrø blei stilt ut i London i 2010.

Foto: Lennart Preiss / Ap

Ai Weiwei er ein kjent kritikar av den kinesiske regjeringa, og er også ein av dei fremste samtidskunstarane verda. Han sto blant anna bak designet på friidrettsstadion «Fuglereiret» som blei brukt under OL i 2008. Og i 2010 stilte han ut hundre millionar solsikkefrø i handmåla porselen i London.

Avslaget frå Lego førte til ein kampanje for å få folk til å donere legoklossar til kunstnaren. Klossane blei brukte til å lage kunstverk som kommenterte avslaget frå Lego.

Kunstnaren kobla også avslaget med Lego sine forretningsinteresser i Kina.

Svarte på Instagram

No gir leiketøysprodusenten etter for presset, og vil ikkje lenger spørre kva folk skal bruke klossane til.

Men dei krever at kundar som skal bygge kunstverk som skal visast offentleg, må gjere det klart at selskapet ikkje går god for prosjektet.

Ai Weiwei svarte på nyheiten frå Lego med å legge ut bilder på Instagram der ein gut festar legoklossar i håret og skjegget hans.

Laster Instagram-innhold