Hopp til innhold

Lege ut mot skjønnheitsklinikk: – Skremmande

– Det er nok eit forsøk på å normalisera noko som ikkje er normalt, seier forfattar og lege om skjønnheitsklinikken Nomi Oslo, som har hausta kritikk for å promotera estetisk behandling som kvinnehelse.

Synnøve Skarbø, Pia Tjelta og Vanessa Rudjord forann den nye skjønnhetsklinikken Nomi Oslo.

KLINIKK: Tidlegare journalist og programleiar, Synnøve Skarbø, skodespelar og designar Pia Tjelta og tidlegare moteredaktør, Vanessa Rudjord, skal opna sin nye skjønnheitsklinikk i Oslo i oktober. Klinikken skal ifølge trioen bli Nordens leiande klinikk innan «estetisk medisin».

Foto: Julie Pike / Pressefoto

Pia Tjelta, Vanessa Rudjord og Synnøve Skarbø skal opna ein ny skjønnheitsklinikk i Oslo med namn Nomi Oslo.

Sjølv seier dei at dei har samla «landslaget» innan estetisk helse. Klinikken handlar ifølge trioen om kvinnehelse og førebygging av alt det kroppen skal gjennom.

– «Nomi» er japansk og betyr vakkert og oppmuntrande, sa Tjelta i pressemeldinga.

Men i døgnet etter at nyheita kom ut, har det hagla med kritikk frå fleire kantar.

Lege og forfattar av boka «Kroppsklemma» Kari Løvendahl Mogstad er skeptisk til at klinikken frontar seg med eit medisinsk språk.

Pia Tjelta, Vanessa Rudjord og Synnøve Skarbø skal opna ein ny skjønnheitsklinikk i Oslo med namn Nomi Oslo.

Fleire av behandlingane ved klinikken Nomi Oslo skal behandle ymse plager som fell inn under kvinnehelseproblem, til dømes beinskøyrheit og underlivsfunksjonar i samanheng med overgangsalder, ifølgje pressemeldinga.

Foto: Julie Pike

– Det meiner eg er både tvilsamt og skremmande, og ikkje minst spekulativt.

Mogstad meiner det å blanda «behov», «velvære» og «helse» på denne måten er ei urovekkande utvikling i samfunnet som ifølge henne har eksplodert dei siste åra.

– Eg tenker at dette er det ultimate dømet på kor enorm denne skjønnheitsindustrien har blitt, også her i Noreg, seier Mogstad til NRK.

Pakkar det inn

Mogstad er heilt ueinig i at skjønnheits-behandlingar fremmar kvinnehelse.

– Det er nok eit forsøk på å normalisera noko som ikkje er normalt, nemleg å prøva å stoppa naturen.

Lege og forfatter, Kari Løvendahl Mogstad

Lege og forfattar, Kari Løvendahl Mogstad, meiner Rudjord, Skarbø og Tjelta dekker over si skjønnheitsverksemd med å seia at det handlar om kvinnehelse.

Foto: Cathrine Dillner Hagen

Ho meiner kjendistrioen er opptekne av å pakka inn tilbodet sitt i helse og eit medisinsk språk, som «estetisk medisin», noko ho meiner gir grunn til å tenka seg om.

– Dei speler bevisst på utryggleiken og det nedsette sjølvbildet til folk.

Slike tilbod er berre med på å auka misnøya og utgiftene blant kvinner, meiner Mogstad.

Den nye klinikken skal mellom anna tilby både feittsuging, rynke- og hormonbehandling.

– Får pasientane til å føle seg betre

Tjelta, Rudjord og Skarbø har alliert seg med legen Karim Sayed som er tilsett som ansvarleg lege og medeigar i klinikken.

Han er ikkje einig med Mogstad i at klinikken ikkje frontar velvære.

– Våre kundar er først og fremst helt vanlege vaksne kvinner og menn som har ting som plagar dei. Det kan vera akne eller slapp hud etter fødsel, understrekar han.

– Så er ei anna kundegruppe dei som vil forsinke aldring eller bli kvitt ein såkalla sinnarynke. Det er ingenting rundt Nomi Oslo som skal spela på usikkerheit eller senka nokon sitt sjølvbilde, tvert imot.

Fryktar psykisk vanhelse

Men Mogstad får støtte frå psykolog Maria Abrahamsen, også kjent som TikTok-psykologen bak den populære kontoen @psyktdeg.

Også Abrahamsen reagerer på at klinikken frontar estetiske inngrep som noko alminneleg. Blant anna står det i pressemeldinga at behandlinga som blir tilbydd om få år vil vera «heilt vanleg».

– Eg fryktar at det gjer kvinner desto meir sjølvbevisst på eige ytre, og gir desse opinionsleiarane anledning til å kapitalisera på deira utryggleikar, seier ho.

Maria Østhassel om mensen og influencere

Maria Østhassel står bak TikTok-kontoen @psyktdeg og er kritisk til klinikken.

Abrahamsen sit i regjeringas kvinnehelseutval og fryktar at slike klinikkar fører til psykisk vanhelse. Ho meiner klinikken bidrar til at det for mange blir vanskelegare å velja naturleg aldring.

Dette har absolutt med kvinnehelse å gjera, men eg er redd det hamnar under kategorien risikofaktor for psykisk vanhelse.

Trudde først det var ein parodi

Samfunnsdebattant og komikar Sofie Frøysaa fortel at ho først trudde annonseringa av klinikken var ein parodi.

Sofie Frøysaa.

Samfunnsdebattant og komikar Sofie Frøysaa meiner det ikkje er eit behov for fleire aktørar som profitterer på kroppspress, og meiner det går ut over kvinner si helse.

Foto: Josias Dein

– Så blei eg berre veldig trist då eg skjønte at det er ekte, seier Frøysaa til NRK.

Ho meiner det ikkje er behov for fleire aktørar som profitterer på kroppspress.

– Kvinnehelse blir stadig neglisjert, og det at kvinner lid under eit ekstremt og aukande kroppspress er noko som går direkte utover nettopp kvinner si helse.

– Kvinnehelse er meir enn utsjånad

Til VG seier sexolog og påverkar Iselin Guttormsen at kvinnehelse handlar om mykje meir enn utsjåande.

Iselin Guttormsen

Iselin Guttormsen meiner kvinnehelse er meir enn berre utsjånad.

Foto: Espen Solli / TV 2 / NTB

– Kvinnehelse for meg dreier seg om alt anna enn skjønnheit. Det handlar ikkje om skjønnheit i det hele tatt, seier Guttormsen til VG.

Ho meiner likevel at folk må få gjera som dei vil.

I ein kommentar skriv debattansvarleg i Dagsavisen, Selma Moren, at kvinnene ikkje kan lata som dei ikkje skal tena pengar på presset rundt utsjånad hos kvinner.

– Ikkje når dei snakkar om at dei skal «stoppa det fysiske forfallet», skriv Moren.

Tilbakeviser kritikken

NRK har spurd klinikken om korleis dei meiner behandlingstilboda fremmar kvinnehelse. I ein e-post skriv pressekontakt Tara Lie-Hagen følgande:

«Fleire av våre behandlingar handlar om å behandla ymse plager som fell inn under kvinnehelseproblem, til dømes beinskøyrheit og ymse underlivsfunksjonar i samanheng med overgangsalder, eller inkontinens i samanheng med fødslar. Det er ingen som har påstått at reine estetiske behandlingar er kvinnehelse, men vi tilbyr altså visse behandlingar som også har store helsemessige gevinstar.»

Ansvarleg lege Karim Sayed meiner forfengelegheit ligg i menneskets natur og ved å hjelpa pasientane til å føla seg betre, vil ein kunna betra helsa deira.

– Når det kjem til kvinnehelse, har vi aldri påstått at vi er ein klinikk for det. Men nokre av behandlingane våre, som styrking av muskulaturen i bekkenet og handtering av overgangsalderen vil ein nok kunna einast om at inngår i kvinnehelse-omgrepet, seier Sayed.

NRK har også stilt spørsmål om kor mykje behandlingane vil kosta.

Lie-Hagen svarer at det vil variera heilt ut frå kva slags behandlingsprogram pasienten ønsker seg, men at Nomi vil legga seg på eit litt gunstigare prisnivå enn det dei dyraste klinikkane opererer med i dag.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP