Lattervekkande steinandlet
– Ingen har sagt at jul er enkelt. Det som skal vera å samla familien i høgtida, er for nokon krampaktig hygge, for andre kamuflert katastrofe eller ei sprengladning av irritasjonsmoment. Og kjem du frå Sørlandet, då brest slike demningar så å seie aldri. Det veit dei å utnytta i «Small talk – Ring julen inn med familien Dvergsnes» på Kilden i Kristiansand, skriv teaterkritikar Karen Frøsland Nystøyl.