NRK Meny
Normal

Lassie n the Lads

For nokre år sidan fekk nokre gutar frå Trøndelag ein ide om å starte eit band. Dei samla saman mange instrumenter og plutseleg var Lassie n the Lads født.

Lassie n the Lads
Foto: Promo

Dei er ein samansveisa gjeng som har spelt saman i ein 4-5 år, og det kan ein sjå på dei. Dei veit kva dei driv med, og veit kva dei vil.

Gruppa består av fem gutar og ei jente, der alle har den same draumen, nemleg å gje ut ei plate saman. Dei vil gjerne gjere musikken til sitt levebrød.

Og musikken dei vil gjere til sitt levebrød er irskinspirert folkrock. Songane har dei laga sjølve, og på  musikkvideoen er det "The storyteller" ein kan sjå. Den er det Øystein Berntsen som har skrive teskten til, og melodien har han skrive saman med Kay Jonny Kristiansen. Men når dei skal lage liv på Kjempesjansenscena er det Per Ivar Moum sin song som skal framførast. "My favorite walking shoes" heiter den.

Kva vil dei bruke pengane dei vinn til?

Pengane skal gå til å gje ut ei plate, men og ein tur til Irland der bandet kan samle inspirasjon til ny musikk.

På gøy med Lassie n the Lads

Har du eit motto?

Per Ivar Moum (vokal og bass): - Det årne sæ!

Kjartan Klingen (trommer): - Stå på, jobb hardt, lytt til andre.

Ann Helen Stamnsve (vokal, fiolin og fløyte): - Trur ikkje det, er pessimistisk av natur, eller kanskje dette: Forvent det verste og bli heller positivt overraska.

Øystein Berntsen (vokal og gitar): - Lev alle dagar til det fulle. Du får dei ikkje igjen.

Per Ch. Jørstad: (mandolin): - Er mistenksam av natur, stoler ikkje på nokon. Men det kvalifiserer seg vel ikkje som eit motto gjer det vel?

Kay Johnny Kristiansen (gitar, trekkspel og digeridoo): - Det ordnar seg. 

Lassie n the Lads
Foto: Bilde frå musikkvideo

 Kva er det mest ”nerdete” ved deg?

Per Ivar: - Liker å spele dataspel, og ja eg er snart 30 år, og ja det er barnsleg.

Kjartan: - Har aldri lest ei heil bok.

Øystein: - Eg er lidenskapleg opptatt av engelske fotballbaner. Eg kan vel namnet på dei fleste heilt ned til Conferance League i England, på nivå 5.

Kva slags Disneyfigur ville du helst ha vore?

Per Ivar: - Mikke Mus, fordi han er tøff, har pistol og kan kose med Minnie.

Øystein: - Om eg fekk velje ville eg nok ha vore Ole Brum, leve eit bekymringsfritt liv med masse honning. Ja takk, begge deler.

Per Ch: - Eg trur eg vel Donald Duck. Han strever ein del, men han gir aldri opp. Det er jo ein bra ting, er det ikkje?