Hopp til innhold

Lasey Mic

Lasey Mic vil gjere det stort, dei vil at folk skal sjå dei, få auga opp for deira musikk. Ny og sterk musikk kallar dei det sjølv.

Lasey Mic
Foto: Promo

Lasey Mic består av fire gutar der alle studerar eller har studert ved NISS (Nordisk institutt for scene og studio) i Oslo. Det er ikkje lenge Lasey Mic har vore til, dei er eit ganske nytt band. Men vi har likevel eit ganske strekt særpreg fortel gutane.

Vil du finne ut kva dette nye bandet presterer så er det berre å sjekke ut  musikkvideoen deira. Der spelar dei låta ”Come on home” som er skriven av Lasse Michelsen. Denne songen får du og høyre live på laurdag om Lasey Mic kjem vidare frå Nettsjansen til Kjempesjansen.

Skoleprosjekt

Endå dei er eit nyoppstarta band har dei kjent kvarandre ei stund, to av gutane går framleis på skolen, medan dei to andre var ferdige no i sommar.

Det heile starta som eit skoleprosjekt, som dei nok aldri klarte å leggje på hylla . Endå to av dei unge gutane er ferdige ved NISS tar dei likevel turen til skulen der Lasey Mic har øvingane sine.

- Vi er unge gutar med ny sterk musikk som treng å bli sett.

Kva vil dei bruke pengane dei vinn til?

- Pengane skal gå rett i bandkassa, brukast på utstyr og innspeling av plate. Vi draumar om å få ei karriere som musikarar.

På gøy med Lasey Mic:

Lasey Mic
Foto: Promo

 Kva slags band eller artist har forandra eller inspirert deg?

Henrik Odde Gustavsen (trommer): - Nirvana har forandra meg. Det var då eg byrja å lytte på ordentleg musikk.

Even Bekkedal (gitar): The Dillinger Escape Plan er eit band som har inspirert meg mykje ved å vise kva musikk kan og ikkje kan vere. Og å berre skrive musikk etter kva ein følar, og ikkje etter kva folk vil høyre.

Erik Slettenes (bass): - Blood sugar sex magic med red hot chili peppers

Lasse Michelsen (vokal): - Det er så mange! Stevie Wonder, Coldplay, Justin Timberlake, Miles Davis, Grieg, Chic Corea, og mange fleire. Det dei har til felles er at dei lagar god musikk, og alle har sitt eige særpreg.

Kva er ditt mest idiotiske kjøp?

Henrik: - Mikrofonstativ på Ebay. Det blei dyrare enn å kjøpe det i Norge når fraktprisen blei så stor.

Erik: - Kjøpte ein skrivar til 200 kroner, fekk den aldri til å fungere.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober