Hopp til innhold

Lars og Stian

Lars Røyseng er frå Bærum, medan Stian Aase er frå Sotra. Dei visste berre kven den andre var gjennom trekkspelmiljøet, men då begge kom inn på musikkhøgskulen i Oslo blei dette fort snudd om til eit godt venskap, og god musikk.

Lars og Stian
Foto: Egil Rundberget

Om Lars og Stian kjem vidare frå Nettsjansen til Kjempesjansen skal dei spele "L'hiver- Russisk snøstorm" av A. Schalajew, den kan du allereie no sjå gutane spele på musikkvideoen sin .

Vant NM tre gonger

Sidan Lars og Stian kom inn på musikkhøgskulen i Oslo har dei spelt mykje saman, og slikt blir det fort venskap av.

- Vi har spelt saman sidan 1998, og det hadde nok aldri fungert så bra mellom oss hadde vi ikkje blitt så gode vener, fortel Stian.

Og det har blitt mange spelejobbar for gutane.

- Vi har spelt ein del konsertar både i Norge og i utlandet. Og vi har spelt på NM i trekkspel tre gonger.

Og no lurar du kanskje på korleis det har gått med gutane desse gongane dei har vore med på NM.

- Vi har vunne alle dei tre gongane vi har vore med, det er vi veldig fornøgd med, fortel Stian.

Skolekonsertar

Lars og Stian
Foto: Egil Rundberget

Dei siste åra har gutane jobba på kulturskolar i Osloområdet, men dei jobbar og som frilansemusikkarar.

- Vi har rikskonsertar rundt om i landet, då underheld vi på barneskular, no driv vi på med turné i Østfold.

Førestillinga gutane reiser rundt med heiter ”Trekkspill på tur”.

- Då tar vi elevane med på ei musikalsk reise. Vi har på oss russiske hattar, har fransk brød vin og musikk. Elevane får oppleve korleis musikken er i dei lande vi ”besøker”, fortel Stian.

Og det har blitt mange slike ”turar”.

- Vi har gjort over hundre konsertar for over 100 elevar kvar gong, så det blir ein det folk til saman.

Kva vil de bruke pengane de vinn til?

- dei skal gå til ei lenge planlagt cd-utgiving, fortel Lars.

På gøy med Lars og Stian:

Kva er det mest ”nerdete” ved deg?

Lars: - Må jo vere at eg spelar trekkspel, men eg kan og nemne at eg kanskje er litt over gjennomsnittet sportsinteressert. Men eg er veldig lite sportleg sjølv.

Stian: - Spelar jo trekkspel, og eg berre må sjå The Simpsons!

Kva er ditt mest idiotiske kjøp?

Lars: - Har som mange andre vore støttemedlem hos Elexia. Blei ikkje mykje trening for dei pengane.

Kva er det raraste du kan finne på når du har ein fridag?

Stian: - I sommar var det elendig vêr ein dag, den dagen såg eg og broren min tre heile sesongar med The Simpsons.

 

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.