Hopp til innhold

Konsentrasjonen svikta for Lars Berger - igjen

MALLORCA (NRK): Lars Berger hadde sett fram til å vise rå styrke i «Mesternes Mester». I staden rauk han ut på grunn av manglande konsentrasjon.

lars berger på mallorca

GAV ALT PÅ STRANDA: Lars Berger vart fjerdemann ut av «Mesternes Mester». Han baud på seg sjølv då han møtte pressa på stranda i badebyen Port de Pollenca på Mallorca.

Foto: arne sørenes / nrk

Svært god i sporet, men ein som sleit på standplass. Det er slik mange hugsar skiskyttaren Lars Berger.

Også i «Mesternes Mester» var det mangel på fokus som vart utslagsgjevande då Berger som fjerdemann rauk ut av den populære NRK-serien. «Konsentrasjon og koordinasjon» var tema for programmet fredag kveld, og skiskyttaren frå Lesja havna nest nederst på resultatlista. Dermed vart han plukka ut til nattesten av Hanne Haugland, som låg heilt sist.

Til slutt var det verdsmeisteren i høgde som trakk det lengste strået:

– Eg tapte for ein betre deltakar. Hanne har eit godt konkurrasehovud, og ho vann sin andre nattest. Eg hang rett og slett ikkje heilt med.

lars berger

GOD TID TIL FERIE: Lars Berger brukte tida etter at han vart slått ut til å henge på stranda, spele tennis og sykle rundt på den populære ferieøya. I tillegg var det fint å vere saman med dei andre utslåtte deltakarane utan å bli filme heile tida.

Foto: arne sørenes / nrk

Lars Berger er litt skuffa over at han ikkje fekk vera med på dei verkeleg tøffe styrkeprøvane seinare ut i programserien. Likevel føler han at han fekk vist litt av det han er god for då han vann den aller første fysiske øvelsen i det første programmet.

– Det starta bra, men dabba litt av, og så rauk eg ut litt for tidleg. Dei som kjenner meg veit at fokus og konsentrasjon ikkje er mine sterkaste sider.

Sjå heile episode fem her

Verdsmeister i både skiskyting og langrenn

Lars Berger er den einaste mannlege utøvaren som er verdsmeister i både langrenn og skiskyting.

For sjølv om han sleit på standplass, var han rask i sporet. Så raskt at han i 2007 vart den raskaste i verda på ski på 15 km fristil under VM i Sapporo.

I tillegg har Berger to VM-gull på stafett i langrenn, samt OL-sølv frå Vancouver i 2010.

Gullet i skiskyting, som var den idretten han satsa mest på, kom under VM Pyeongchang i 2009 då han var ein del av det norske stafettlaget. Berger har også to individuelle VM-sølv som skiskyttar, samt to VM-sølv på stafett.

DEN SPEDE GUTEN FRÅ LESJA SOM VART VERDSMEISTER: Sjå høgdepunkt og nederlag frå karriera til Lars Berger her.

Sjølv set han stafettgullet i skiskyting som høgdepunktet i karriera. Då gjekk han på lag med Halvard Hanevold, Emil Hegle Svendsen og Ole Einar Bjørndalen:

– Å få ta gull i lag med gode vener som eg har trena tett med i mange år var utruleg spesielt. Det var stort, rett og slett. Men det er lenge sidan no.

Ingen ny opplending til topps i år

I fjor var det Gro Hammerseng-Edin frå Gjøvik som vann «Mesternes Mester». Lars Berger hadde ein ørliten draum om å kunne kopiere Hammerseng-Edin og ta med pokalen heim til Oppland for andre året på rad:

– Dessverre vart det ingen ny seier til Oppland i år, flirer Lars Berger. Men eg slo i alle fall syster mi. Det får vere ei trøst oppi det heile.

lars berger på mallorca

STRANDLØVE: Etter å ha blitt slått ut tilbrakte Lars Berger mykje tid på stranda.

Foto: arne sørenes / nrk

For i 2015 var det veslesyster Tora Berger som vart den første som måtte forlate «Mesternes Mester». Storebror Lars er glad for at han fekk moglegheiten til å vere med i den tiande sesongen av familieprogrammet som framleis når svært høge sjåartal.

Over ein million nordmenn såg «Mesternes Mester»-premieren – NRK Kultur og underholdning

– Det var ei utruleg hyggeleg og fin stemning inne i huset, så det var litt surt å tape den nattesten. Men ein eigen velkomstkomité, med Ole Martin Årst i spissen, venta på deltakarhotellet då eg kom dit. Eg fekk noko godt å drikke, og den litt tunge stemninga etter å ha ryke ut vart fort gløymd. Det var veldig, veldig hyggeleg å treffe dei andre igjen.

lars berger framfor mm-huset

FJERDEMANN UT: Lars Berger skulle gjerne blitt lenger i huset, men synest likevel det var ei flott oppleving å få vere med i den tiande sesongen av «Mesternes Mester».

Foto: arne sørenes / nrk

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.