Hopp til innhold

Lang marsj mot heltestatus

I 1802 gjorde lærdølene opprør då dei for fyrste gong blei kalla inn til sesjon. Seks år seinare var dei frykta soldatar. No feirer Lærdal 200-års-jubileum.

Lærdalske kompani
Foto: Lærdal kommune

Hør: Militærnektarane som blei elitesoldatar

Dette er forteljinga om militærnektarane som blei Norges mest frykta soldatar.

200-års jubileum

I ettermiddag markerer Lærdal eit heilt spesielt 200-års-jubileum. I 1808 marsjerte 100 indre-sogningar frå Lærdalsøyri til Kongsvinger for å kjempe mot svenskane. Innsatsen gjorde 'det Lærdalske lette infanterikompani' til ei av militærhistoriens mest berømte avdelingar.

Men berre seks år tidlegare, i 1802, fanst det ikkje ein einaste soldat frå Lærdal. Eit kongeleg privilegium frå 1500-talet fritok lærdølene frå militærteneste mot at dei blant anna vedlikeheldt vegen over Filefjell.

Trengte våpenføre menn

Men då Napoleonskrigane braut ut kring år 1800 trengte kongen i København kvar einaste våpenføre mann. Han trekte attende privilegiet. Det braut ut opprør i Lærdal, kongen sende ein straffeekspedisjon, og fleire blir arresterte. 1. juni 1803 blir opprørsleiaren, Anders Olsen Lysne, henretta i Bergen, og 'Det Lærdalske lette infanterikompani' blir sett i teneste ved Bergenhus Festning.

Marsjerte 320 kilometer

I mars 1808, medan Sverige kjempar mot Russland i aust, utfordrar den dansk-norske kongen svenskane i vest. Styrkar frå heile Norge blir sende til svenskegrensa, og 'det Lærdalske lette infanterikompani' marsjerer 320 kilometer frå Vestlandet til Kongsvinger for å delta i striden.

Vel framme blir sogningane møtt med undring, både av nordmenn og svenskar. For det fyrste er ikkje uniformane fargesprakande. I motsetning til grenaderane sine raude, friske uniformar glir lærdølene sine grøne og grå klede inn bakgrunnen. Dessuten er språket deira merkeleg. I ein norsk rapport står det at 'De hujede og skrek og talede et uforståeligt språk'.

Kappa av ein svensk legg

Etter å ha marsjert i 69 dagar er sogningane så ivrige etter å kjempe mot fienden at dei spring forbi sin eigen offiser, kaptein Wilhelm Jürgensen, når dei endeleg får angripe. Vestlendingane får ei høg stjerne på den norske sida, og dei set seg raskt i respekt hjå fienden.

Men av og til er dei litt i overkant brutale. 25. mai 1808 angrip dei eit svensk kompani ved Jerpset gård i Hedmark. Den svenske løytnanten, baron Ulfssparre blir stukken i hjel med ein lærdalsk bajonett. Dei dårleg utstyrte norske soldatane forsyner seg med svenske uniformar, men baronen sin eine støvel sit fast. Ein lærdøl kappar difor av heile foten, tek den med seg, og får seinare frigjort støvelen.

Blitt krigshelter

Dei får kritikk for denne hendinga, men 'Det Lærdalske lette infanterikompani' blir likevel ei av dei mest berømte avdelingane i norsk militærhistorie. Både kaptein Jürgensen og fleire i avdelinga blir dekorerte med Danebrogsordenen. Og vel heime i Bergen, då soldatane skulle få velje seg ei hedersgåve for innsatsen sin, ba dei om at to av opprøranae som framleis sat fengsla på Bergenhus Festning blei settte fri. Dette blei gjort. For no var militærnektarane blitt krigsheltar.

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.