Dette treng du:
· ein lystett boks, til dømes ein kaffiboks
· aluminiumsfolie
· fotopapir
· ei lita nål
· tape
· boremaskin, eller noko anna til å laga hol i boksen med
· fil
Her stikk Unni hol med ei nål. Foto: NRK.
Det fyrste du gjer er å bora eit hol i boksen. Holet må du gjerne reinska litt opp i med ei fil. Så dekkar du holet med aluminiumsfolie. Og så stikk du det endelige holet med ei lita nål.
Kameraet må ha ein lukkar, og den lagar du også av aluminiumsfolie.
For å lada apparatet ditt med fotopapir, må du gå inn i eit heilt mørkt rom, eller eit rom som berre har ei svak raud lampe. Du legg fotopapiret bak i boksen.
Så finn du noko du vil ta bilete av, opnar lukkaren din i rundt tre sekund. Du tel slik:
- "tusenogein, tusenogto, tusenogtre".
Å framkalla biletet
Til dette treng du eit mørkt rom, nokre baljar og reint vatn. Kjemikaliane, som heiter framkallar, stoppar og fix, får du kjøpt på ei fotoforretning.
I den fyrste baljen blandar du ut framkallaren, i den neste stoppar og i den tredje fix. Til slutt lagar du til ein balje med reint vatn for å skylja biletet ditt.
Ta biletet ut av boksen, og dypp det i dei ulike bada etter tur. Det er i det fyrste badet sjølve magien skjer: Her vil du sjå biletet ditt komma fram. I stoppebadet, stoppar du framkallinga og i det siste og viktige kjemikaliebadet fikserer du biletet ditt. Det gjer at du kan bevara biletet ditt når det kjem lys på det.
Heilt til slutt vaskar du alle kjemikaliane av i vassbadet, før du kan slå på lyset og henga biletet til tørk.
Frå negativt til positivt
Det du har fått no er eit negativt bilete. Det vil seia at det som er mørkt i røynda er lyst på biletet og omvendt. Har du ein skannar og ei datamaskin med eit enkelt fotoprogram er dette enkelt. Leit deg fram til den funksjonen som snur biletet ditt frå negativt til positivt. Det å prøva og feila, er noko av det kjekkaste med data. Lykke til!
Slik såg det ut, det fyrste fotoet som Nièpce tok. Repr.. NRK-arkiv.
Og når du tek dette biletet, kan du tenka på det fyrste vellukka fotografiet som blei teke! Nicèphore Nièpce tok dette biletet i 1826, og han hadde ikkje stort betre utstyr enn ein kaffiboks til å hjelpa seg med han heller.