Dette treng du
* Ein klump leire
* Eit par blad, til dømes av bregne
* Eit kjevle
* Ein pizzadelar eller skarp kniv
* Ein steikomn
Slik gjer du det
Legg leireklumpen på eit bakepapir, så kjevlar du han til han blir ganske flat og tynn.
Del leira opp i fire delar med ein pizzadelar (pizzahjul) eller ein skarp kniv.
Legg eit blad på ein av leirebitane, og legg ein annan bit oppå. Pass på at ein liten flik av bladet stikk ut langs kanten av leira, så blir det lettare å skilje bitane frå kvarandre etterpå. Gjer likeins med dei to siste leirebitane.
Legg leira på bakepapiret oppå eit steikebrett, og sett det heile inn i steikomnen. Varmen må vere på maks, og leira skal "steike" i 30 minutt.
Ta leira ut av omnen, skil bitane frå kvarandre - og vips har du eit "fossilavtrykk"!
Her kan du sjå korleis Unni gjorde det: