Kulturstrøm

  • Museum inngjekk forlik

    Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø har inngått eit forlik med den tidlegare direktøren Jérémie McGowan. McGowan gjekk til sak mot museet etter at han fekk sparken i fjor, men tapte i retten. Bakgrunnen for forliket er eit felles ynskje om å skape ro rundt museet, opplyser partane i ei pressemelding.

  • Gude-måleri seld for 4,1 millionar

    Salet av eit måleri av Hans Fredrik Gude med motiv frå Balestrand enda med bodkrig. Kjøparen måtte ut med 4,1 millionar for verket «Norwegische Landschaft», som vart mala i 1848. Bodrunden starta på 800.000 kroner.