Den dagen Norge Rundt var med, var det fleire oppgåver som skulle løysast. Det skulle monterast stupebrett, redningsbøyer og badebøyer. I tillegg skulle det klippast plen, ryddast og samlast inn bos.
Rein og billig kyst
Bergen og Omland Friluftsråd er eit interkommunalt samarbeid. Rådet har 14 medlemskommunar som betaler kontingent for ryddige og flotte friluftsområde. Og det er ikkje rare prisen for kvar innbyggjar, om lag det same som me betaler for ein eingongsgrill – rundt 10 kroner. For denne summen sørgjer friluftsrådet for at det er innbydande område som møter oss når me besøkjer kysten.
Store område
I alt har rådet 170 friluftsområde som dei passar på. Her blir det montert stupebrett og andre leikeapparat om våren, bosspann skal tømmast, livbøyer kontrollerast og plenar klippast. I tillegg har rådet nokre hus og ein god del naust som skal vedlikehaldast på det 22.000 dekar store området.
Bli med på tokt!
NRK1, Norge Rundt
Fredag 6. juni klokka 1930