Kylie Minogue protesterer etter at Kylie Jenner, som er ein del av kjendisfamilien Kardashian, har søkt om merkevarevern av namnet sitt. Eit selskap knytt til den 18 år gamle modellen har bede det amerikanske patentkontoret om å registrere merkevara «KYLIE» for bruk i reklame, skriv Billboard.
Men Kylie Minogue har brukt artistnamnet «Kylie» lenge før Jenner var født. Advokatane til Minogue peikar blant anna på at ho registrerte heimesida kylie.com i 1996, tidleg i nettalderen.
Kylie-effekten
Dei seier også at fornamnet er tett knytt til artisten, og at «Kylie-effekten» blei eit vanleg uttrykk etter at Minogue fekk brystkreft i 2005, og fekk kvinner til å sjekke seg.
I brevet kallar advokatane også Jenner for ein «andrerangs reality tv-kjendis», som er mest kjent for «fotografisk ekshibisjonisme og kontroversielle meldingar» på sosiale medium.
- Les også:
- Les også:
Kylie Minogue har også nytta Twitter til å kommentere feiden, ved å referere til ei tekstlinje i hennar eigen song «Light Years» frå 2000.
– Kan skade merkevara
Om Jenner skulle lukkast i merkevareregistreringa, kan det skade merkevara til Kylie Minogue, skriv advokatane som representerer Minogue i saka. Ho har allereie brukt namnet «Kylie» i lansering av fleire varer, som parfyme, juvelar og musikk.
Minogue har seld meir enn 65 millionar album i løpet av karrieren. Ho har blant anna vunne prisar under Brit Award og Grammy, og blei i 2007 den første kvinne som vann den britiske prisen «Music Industry Trusts' Award».
Hennar største hit, målt i salstal, er «Can't Get You Out Of My Head» frå 2001: