Hopp til innhold

Kvernstrøm sluttar i TV2

Trond Kvernstrøm gir seg i TV 2 etter tre år som kanal- og programsjef frå nyttår. Trygve Rønningen tek over som kanalsjef og publisher, og sluttar samtidig i TV3.

Trond Kvernstrøm

Trond Kvernstrøm gir seg i TV 2 etter tre år som kanal- og programsjef.

Trygve Rønningen gjer comeback i kanalen han var med å bygge opp i 1991. Administrerande direktør og sjefredaktør Olav T. Sandnes seier til Kampanje at han gler seg over comebacket:

– Eg er glad for at Trygve, ein av pionerane i TV 2, vender tilbake til kanalen. Eg venter meg mykje av tilbakekomsten hans.

Lang fartstid

Trygve Rønningen

Trygve Rønningen gjer comeback i TV2. Han var med å bygge opp kanalen frå 1991.

Foto: TV3

Rønningen starta karrieren i TV 2 i 1991, og var både prosjektleiar, programleiar, underhaldningssjef og program- og planleggingssjef før han forlot kanalen i 2000.

Etter det har han vore programdirektør i P4 og MTG, dagleg leiar i produksjonsselskapet Mastiff, administrerande direktør og sjefredaktør i P4, før han blei adminstrerande direktør for MTG i Norge i 2015.

– Eg gler meg til å ta fatt på oppgåvene i TV 2, saman med tidlegare og nye kollegaer. Alle veit at bransjen vår står framfor store utfordringar. I jobben som kanaldirektør i TV 2 får eg moglegheiten til å kome enda nærare tv-produktet og utforminga av tv-kanalane, seier Rønningen i ei pressemelding.

Det er ikkje avklart når han startar i TV 2, men Kvernstrøm sluttar ved nyttår.

Ville ha nye utfordringar

Kvernstrøm skal allereie før sommaren ha signalisert at han ønska seg nye utfordringar utandfor TV 2. Men han ønsker ikkje å kommentere overfor Kampanje kva han skal gjere no:

– Eg har hatt tre lærerike år i TV 2, og har fått oppleve eit fantastisk tv-hus frå innsida. Trygve Rønningen har tyngda og erfaringen som trengs for å bidra til den vidare utviklinga av TV2. Eg er sikker på at han er rett mann for denne jobben.

Kvernstrøm har vore både kanal- og programsjef i TV 2. Med Rønningen på plass som kanalsjef, startar arbeidet no å finne erstattaren som programsjef i kanalen.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober