I dag deles Nobelprisen i litteratur ut. Det er knytt mykje spenning og spekulasjonar rundt kven som vil stikke av med prisen.
– Det er jo verdas viktigaste pris, pengar får du jo og, seier Cathrine Krøger, som er litteraturkritikar i Dagbladet.
I tillegg til å få ein stor mynt med bilde av Alfred Nobel, får vinnaren og ein sum på 10 millionar svenske kroner.
På grunn av pandemien vil prisvinnaren ta imot prisen i sitt heimland. Den har blitt delt ut kvart år sidan 1901, med få unntak.
Europeisk skeivheit
I utgangspunktet kan alle forfattarar i heile verda vinne Nobelprisen i litteratur – men det er stort sett ein europear som stikk av med sigeren. Gjennom prisen si historie, har berre 35 ikkje europearar fått prisen, mot 90 europearar.
Faktisk så har Frankrike aleine fått prisen fleire gongar enn Afrika, Asia og Oseania til saman. Sverige har åtte prisar, kontinentet Afrika (med 1,2 milliardar innbyggarar) har fire.
Nobelprisen deles ut av den Svenska Akademien, ein komité beståande av 18 svenskar. Det har vore fleire skandalar rundt Akademien. Dei sat i utgangspunktet på livstid. I 2018, etter skuldingar om seksuell trakassering, vedtok Kong Carl Gustav at medlemmane kan forlate posisjonen sin. Rundt halvparten av komiteen vart etter det, bytta ut. Det er komiteen sjølv som vel nye medlemmar.
– Ideelt sett burde det kanskje vore ein internasjonal komite. Dei som sit i komiteen deler gjerne det same synet på kva som er god litteratur. Då blir det gjerne ein Vesten-pris, sjølv om det skal vere ein internasjonal pris, seier Krøger.
Også litteraturkritikar i NRK, Anne Cathrine Straume, er einig i at det at tildelinga av prisen har vore skeivfordelt.
– Den har ein slagside mot den europeiske. Viss det skal fortsette som verdas viktigaste litteraturpris, må ein ta innover seg at det må vere andre enn europeiske forfattarar som vinn.
Kenyansk storfavoritt
Det er mange forfattarar som er aktuelle for å vinne årets litteraturpris. Fleire av litteraturkritikarane som NRK har prata med, nemner den kenyanske forfattaren Ngugi wa Thiong’o, som favoritt til å stikke av med prisen.
Tidlegare i år kom hans debutroman «Ikkje gråt, barnet mitt» på norsk. Boka handlar om frigjeringskrigar, kjærleik og familieforhold.
– Han har ein svært rik og også politisk litteratur som har betydd mykje for mange både i Kenya, i Afrika generelt og for alle som er interesserte i gode historier, så han er ein verdig kandidat synest eg, seier litteraturkritikar Anne Cathrine Straume.
Likevel, skal ein vere forsiktig med vere å sikker på kven som kjem til å få prisen, ifølgje litteraturkritikar i Morgenbladet, Frode Helmich Pedersen.
– Nobelprisen har vist gong på gong at den kan ikkje er veldig føreseieleg når det kjem til utdeling av pris. Det er nesten som om Akademien finn ein litterær kvalitet i å alltid bryte forventninga.
Norsk håp
Det var i 1928 at ein norsk forfattar sist tok imot ein Nobelpris i litteratur. Då vann Sigrid Undset. Ho fekk prisen for skildringar av middelalderen. Hennar mest kjende verk er trilogien om Kristin Lavransdatter, som skildrar livet i 1300-talet.
– Det hadde vore utruleg gøy om det gjekk til ein norsk forfattar i år. Det vil kunne gi eit auka fokus på norsk litteratur, om en nordmann får prisen, seier leiar i Forfattarforeninga Heidi Marie Kriznik.
Spol rundt 100 år fram i tid, og Noreg har no ein ny sjanse til å få prisen. Av dei norske forfattarane er det Jon Fosse som er den heitaste kandidaten. Mellom anna kulturredaktør i den svenske avisa Expressen, peker på han som ein favoritt. Det same gjer Straume.
– Eg trur og håper at han vil få prisen, for han er ein særeigen forfattar som både har skrive dramatikk, poesi, romanar og han har eit heilt spesielt språk, som gjer at han er i ein særstilling innanfor litteraturen, så om han ikkje får den i år, så kan han jo få den eit anna år.
Her er nokre av dei forfattarane som nemnast som favorittar til å vinne årets pris:
Ngugi wa Thiong’o
Frå Kenya.
Fødd: 5. januar 1938 i byen Kamiriithu i Kenya.
I åra 1980–1981 sat han fengsla for politisk verksemd, og han har levd i eksil sidan. I dag bur han i USA.
Han skriv både på engelsk og på kikuyu som er morsmålet. Han har lenge jobba for at Afrikanske forfattarar skal få skriva på afrikanske språk.
Hans mest kjente verk er: Ikkje gråt, barnet mitt (1964), Elven som skiller (1965) og Djevelen på korset (1982). Alle har vorte omsette til norsk.
Jon Fosse
Frå Noreg.
Fødd: 29. september 1959 i Haugesund.
Fosse har vorte omtalt som "den nye Ibsen" og teaterstykkane hans er omsett til meir enn 50 språk.
Debuterte som forfattar i 1983.
Fullførte i 2021, Septologien-triologien, som tek opp store eksestensielle spørsmål. Det skal vere det mest omfattande verket Fosse har skrive så langt
Annie Ernaux
Ein tredje favoritt til årets litteraturpris er den franske forfattaren Annie Ernaux.
Fødd: 1. september 1940 i byen Lillebonne i Frankrike.
Hennar forfattarskap har i stor grad vore prega av oppveksten i ein arbeidarklassefamilie i Frankrike. Ho skriv gjerne med utgangspunkt i eiga liv, men tar opp politiske tema.
Ho har allereie fått fleire fleire franske og internasjonale litteraturprisar, mellom anna Renaudot-prisen for gjennombrotsromanen Far (1983).
(Bilde er tatt av Catherine Hélie)