Etter at komponist
, står Statens æresbustad for kunstnarar, også kalla Grotten, ledig.
Kven som bør verte neste kunstnar som får æra av å flytte inn i Grotten er det delte meiningar om i kultur-Noreg.
Vanskeleg val
Ole Paus ser i staden for seg at det kan bu fredsmeklarar i Statens æresbustad for kunstnar.
Heller ikkje William Kristoffersen, låtskrivar i Ole Ivars, synest at kunstnarar skal flytte inn i Grotten når huset vert ledig neste gong.
– Eg synest det er så veldig mange flinke kunstnarar i Noreg, innan alle dei ulike formene for kunst. Av den grunn synest eg det er veldig vanskeleg at nokon skal kunne vurdere kven som har fortent å bu der, seier Kristoffersen.
Filosof Nina Karin Monsen seier at ho ikkje har «nokon særleg sans for å ha ein slik æresbustad».
- LES ÒG:
- LES ÒG:
– Anerkjenning av kunstnaren
Skodespelar og sjef for Riksteateret Ellen Horn, meiner Grotten er eit gode for meir enn den eine personen som får lov til å bu der.
– Eg opplever det som ei anerkjenning av kunstnaren som ein viktig person i eit samfunn, seier Ellen Horn.
Det er ikkje kven som helst som har budd i dette ærverdige huset. Grotten vart reist av Henrik Wergeland i 1840. Sidan 1922 har huset vore Statens æresbustad for kunstnarar, og komponist Christian Sinding og forfattar Arnulf Øverland har budd i huset.
I 1982 flytta komponisten Arne Nordheim inn i Grotten, saman med kona Rannveig Getz .
Kunstnarane slepp å betale husleige, vedlikehaldet står Statsbygg for, medan slottsgartneren tek seg av hagen.
- Statens æresbustad:
Enka må kanskje flytte
Ifølgje avtalen mellom Arne Nordheim og Statsbygg
.
Kulturminister Anniken Huitfeldt opplyste i juni at ho ikkje vil uttale seg om saka før ho har snakka med enka, noko ho ikkje kjem til å gjere før til hausten.
Diskusjon ved førre byte
Musikar Arve Tellefsen følgde diskusjonen om Grotten førre gong bustaden vart ledig.
– Det var litt diskusjon då Arne Nordheim fekk æresbustaden, det var andre kandidatar, også andre sterke kandidatar. Men eg oppfatta det slik at Arne Nordheim var ein representant for heile det norske musikklivet, seier Arve Tellefsen.
- LES ÒG:
Banjospelar Kari Svendsen liker tradisjonen med ein æresbustad.
– Det har fungert veldig fint med Nordheim og frue, eg trur dei har teke godt vare på bustaden, seier Kari Svendsen.
Ho trur at ein kunstnar med familie, vil ta betre vare på Grotten, enn ein statleg eller kommunal institusjon.
– Få Knausgård heim!
Biletkunstnar Unni Askeland synest det skal bu kunstnarar i huset.
– Det synest eg er ein veldig fin tradisjon, seier Unni Askeland.
– Men vert det ikkje vanskeleg å finne nokon som er verdig til å bu der?
– Det er ikkje vanskeleg i det heile teke. Det er berre å få Knausgård heim frå Malmø – han treng då ikkje vere i eksil der borte, slik suksess som han har hatt.