NRK Meny
Normal

Kven er julenissen?

Det er mange forskjellege nissar. Som kjøpesenternissen, stallnissen og Santa Claus. Men fins han eigentleg?

Nissen spiser grøt
Foto: Ukjent / Scanpix

Dei fleste har vel fundert over kven julenissen eigentleg er. Er han stor og raud, eller liten og hissig? Kven er den beste nissen? Julenissen, Stallnissen eller Kjøpesenternissen?

Nitimen fortel deg kven dei forskjellege nissane er.

Jul
Foto: Rainer Prang / NRK

Kjøpesenternissen

- Han ser ut som ein julenisse skal sjå ut, med raude klede og kvit skjegg, det var svaret Nitimen fekk då dei spurte folk på gata om korleis nissen ser ut.

- Dette er ein heilt anna nisse, han har ingenting med stallnissen å gjere, dette er ein kommersiell nisse, fortel Sven Eliassen som er historikar og veldig glad i den "gamaldagse nissen", altså stallnissen.

Lever i reklamen

Denne raudkledde, tjukke nissen som vi kallar julenissen er han vi ser i mange forskjellege reklamefilmar. Han er snill og har eit reinsdyr som heiter Rudolf (som er raud på nesa).

Denne mannen kjenner vi kanskje best frå vårt lokale kjøpesenter, så la oss kalle han for Kjøpesenternissen.

Økonomisk drivkraft

- Kjøpesenternissen er jo ei økonomisk drivkraft, han skapar stemning og han stimulerar kjøpetranga. Utan nissen i stormagasina trur eg ikkje at det blir den same kjøpegleda som det er, seier Sven.

Denne mannen trur at det ville blitt store protestar om vi hadde fjerna julenissen frå førjulstida.

- Det ville blitt stussleg, han skapar jo ei stemning.

  Høyr innslaget om Kjøpesenternissen her.

Sven Eliassen
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Stallnissen

Denne nissen er den skikkelege nissen, og han fins, seier Sven bestemt.

Kvar jul tek Sven med seg eit stort fat med graut, med smørauge i, øl og akevitt ut i stallen som nissen får.

- Det at han drikk opp ølet og akevitten min set eg ekstra stor pris på.

Trur på nissen

Og det er nettopp det at nissen drikk ølet og akevitten hans som gjer til at Sven meinar at nissen fins.

- Det er jo eit bevis på at nissen fins, fordi vi har jo prøvd å få kattane til å drikke øl og akevitt, utan at det har lykkast. Det er umogleg at dei drikk opp juleølet og akevitten.

Ikkje fjøsnissen

Det er mange som kallar denne nissen for fjøsnissen, men då får ein kjeft av Sven.

- Nei, for all del! For fjøset er jo kvinnene sitt domene, det er jo "kvinnfolkarbeid" å vere i fjøset. Nissen er jo eit hankjønnsvesen, så han skal vere i stallen, fortel Sven med litt småstreng stemme.

Høyr innslaget om Stallnissen her.

St. Nikolas/Santa Claus

Det er ingen som eigentleg veit om nissen fins eller ikkje, men St. Nikolas veit vi at har eksistert.

- Han er eigentleg ein biskop, ein helgen frå Myra, det som i dag er Tyrkia. Og han mista livet rundt 350 år e.kr, fortel Sven.

- Han var barna, bakaren, ungdommen og sjøfolket sin helgen. Han hadde ei viktig rolle i det gamle samfunnet, fordi i det katolske Europa hadde han ein eigen minnedag, som var 6. desember.

Strømper ved skorsteinen

Sidan denne mannen var barna sin helgen hang barna ut strømper ved skorsteinen slik at han skulle kome med gåver til dei, ei historie vi i dag kjenner til.

- Då kom han og la gåver til dei snille og gråstein, rotne poteter og egg til dei slemme.

- Den reformerte kyrkje ønska han ikkje, for han var jo eit minne om den katolske tid. Man fjerna hans helgedag og flytta den til første juledag, då skulle han dele ut gåver, og han skulle vere eit minne om Jesusbarnet.

Mange ting her kan verke ganske like denne mannen vi i dag kjenner som julenissen, eller Santa Claus.

- Namnet nisse har med Nikolas å gjere, som har blitt til Nils, som igjen har blitt til nisse. Ein har og overført namnet til både stallnissen og julenissen, men dei har ingenting med kvarandre å gjere.

Høyr innslaget om St. Nikolas her.

Ingen nisse

Men fins julenissen eigentleg? Korleis klarar han å rekke over alle borna i heile verda på ein kveld?

Det er nok umogeleg, her får du svaret.

Kulturstrøm

  • Seltzer på Paradise Hotel

    – Kall meg gjerne kulturpessimist, men i det kjendisfokuserte Norge anno 2018 er det kanskje blitt mange, spesielt blant de yngre, som gjerne kunne tenke seg å sjekke inn på et sånt hotell? Jeg bare spør, det er min jobb som blogger, skriver Thomas Seltzer som prøver å finne svar etter å ha tilbragt tid på hotellet i Mexico.

  • Brev fra Wagner selges i Israel

    Et brev fra den tyske komponisten Richard Wagner skal auksjoneres bort i Jerusalem. I brevet advarer Wagner mot jødisk påvirkning av kunsten. Han var kjent for sine antisemittiske overbevisninger, og var Adolf Hitlers favorittkomponist. Oppsetninger av Wagners musikk er ikke forbudt ved lov i Israel, men ingen orkestre velger hans verker. Det forventes ny Israelsk debatt om Wagner i forbindelse med brevsalget, skriver israelske medier.

    Brev fra Wagner på auksjonshus i Jerusalem
    Foto: MENAHEM KAHANA / AFP/NTB/Scanpix