Hopp til innhold

Kven er best på julepost?

Dei fleste trønderar sender julegåver i posten, men det er nordlendingane som sender flest gåver! Sjekk ut julepost-tala her!

Vi vil ha julekort!
Foto: RUNE PETTER NESS / Scanpix

Norsk juleskik

Norges første julekort: 'Norsk juleskik' av Adolph Tidemand,

No er det bevist, nordmenn elskar julekort! Heile 85 prosent av oss sender julekort i år! Og ikkje nok med det, 30 prosent av oss sender meir enn 16 julekort kvar!

- Vi sender julekort i bøtter og spann, fortel pressesjef i Posten Kjell Rakkenes.

Problemet er berre at vi gjer det så alt for seint.

Stort forhald til julekort

I Posten si undersøking kom det og fram kvifor vi sender julekort. Sju av 10 vektlegg at julekort er ein fin måte å seie "god jul" på.

Dette er fordi vi syns det er viktig med juletradisjoner. Her er det til og med få forskjellar å spore på tvers av utdanning, geografi og løn.

Lite SMS

Det er ikkje mange av oss som byttar ut julekortene med SMS og e-post. Kun 17 prosent av oss brukar mobilen og dataen i staden for julekorta!

- Vi sett pris på ei handskriven helsing. Vi liker tanken på at folk brukar tid på oss, fortel Kjell.

Skriv lite

Det er ikkje mykje vi skriv på julekortene våre, i alle fall ikkje alle av oss skriv mykje. Halvparten skriv berre "God jul og godt nyttår".

Dei av oss som skriv meir enn dette skriv om familien, året som gjekk, seg sjølv og sist, men ikkje minst, om borna.

Julekort frå Emil og Aron

Julekort med bilder av borna er ikkje så populært.

Foto: Cecilie Røyset

HØR: Kjell Rakkenes i Posten om nordmenn og juleposten

Nett-TV: Kjell Rakkenes i Frokost-TV

Treige folk

Det er ikkje utan grunn at posten gir oss beskjed om å sende juleposten før den 16. desember. Sju av 10 sender julekortene i aller siste liten, eller eigentleg alt for seint skal vi tru posten, berre nokre dagar før den store dagen klarer vi å putte korta i postkassa.

Men det er ein liten del av befolkninga som er raskare enn andre. Fem prosent av oss er ute i god tid.

- Dei siste to vekene før julafta sender vi 32 millionar brev og pakkar.

Nett-TV: Juleposten på postkontoret

Nordlendingane er best

Det er nokre forskjellar på oss rundt i landet. For eksempel så sender nordlendingane flest pakker. Heile 75 prosent mot landsgjennomsnittet på 61 prosent.

Religiøse symbol på julekortene er minst viktig for trønderane. Og sjølv om sør- og vestlendingane likar nissemotiv på julekortene er det innbyggarane her som oftast vel englar og religiøse motiv på korta.  

Tegning av snømann
Foto: NRK

Treige Oslo-folk

Folk som bur i Oslo og Akershus er dei treigaste av oss med å få sendt julekortene. Her sender dei like mange julekort som i resten av landet, men dei syns ikkje valet av motiv er så viktig. 17 prosent av austlendingane meinar at det ikkje er viktig med motiv.

Det er flest trønderar som sender gåver. Her er det berre 19 prosent som ikkje sender julegåver med posten, mot 39 prosent frå resten av landet.

Julekort-fakta

Vi ønsker oss julekort!
Foto: Falch, Knut / SCANPIX
  • 91 prosent av alle kvinner sender julekort
  • 78 prosent av alle menn sender julekort
  • 58 prosent av dei som tener meir enn 800.000 kroner i personleg inntekt sender meir enn 16 julekort.
  • 100 prosent av dei med ei familieinntekt over 1,2 mill sender julekort.
  • Rike folk sender fleire julekort enn dei med lavare inntekt. 94 prosent av dei med ei personleg inntekt over 800.000 sender julekort, mot 80 prosent av dei som tener under 200.000 kroner.
  • Dei med lav utdanning sender færre julekort enn dei med høg utdanning.
  • Gifte folk sender flest kort. Åtte prosent av dei gifte sender ikkje kort, mot 28 prosent av dei ugifte. 18 prosent av dei som er sambuar sender ikkje og til slutt 11 prosent av dei som er skilt sendar ikkje kort.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober