Hopp til innhold

Kva er tillit?

- Det er ei menneskerett å bli behandla på ein skikkeleg måte, til og med når ein har gjort noko ein ikkje skulle gjort, meiner Nitimefilosof Einar Øverenget.

Per Ditlev-Simonsen
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Filosof Einar Øverenget

Filosof Einar Øverenget tenkjer over korleis folk si tillit til Oslo-ordførar Per Ditlev Simonsen er.

Foto: Siri Storstein Hytten / NRK

- Vi veit ikkje alt om kvarandre, vi prøver å forstå kvarandre ved å sjå på kvarandre, forklarar Nitimefilosof Einar Øverenget.

Vi menneskjer veit ikkje korleis andre menneskjer har det inni seg. Kva dei tenkjer, kva dei meinar og om dei meiner det dei seier.

- Alt dette er veldig usikkert, fortel Einar.

Feil signal

- Om jobben din er å forvalte skattepengar, du har vore i jobben din ganske lenge og du då lurar unna pengar heng det ikkje akkurat saman.

Det er tidlegare Oslo-ordførar Per Ditlev Simonsen Nitimefilosofen brukar som eksempel.

- Når du går inn og har ein jobb der du forvaltar folks skattepengar så signaliserar du at det er ei viktig oppgåve, og at det er viktig at folk betaler skatten sin.

Og då blir det problem når du ikkje gjer det same sjølv.

- Dette er "Liv-lære problematikken", og det er veldig øydeleggande. Det ser vi når folk tenkjer etter, uavhengig av politikk og kvar dei står, dette heng på ein måte ikkje saman, og det er veldig ubehageleg, seier Nitimefilosofen.

HØYR: Nitimefilosofen om tillit

Per Ditlev-Simonsen

Har tidlegare Oslo-ordførar Per Ditlev Simonsen framleis tillit?

Foto: ANDREW MEDICHINI / AP

Privat og offentleg

- Ein ting er han som privatperson, der skal ein ikkje gå laus på menneskjer, men det er og noko med ordførarembetet, kva slags verdiar som ligg skjult i det ordet.

Og det er nettopp desse verdiane som nok har gjort det vanskeleg for Ditlev Simonsen.

- Han skal samle folket og han skal kaste glans. Ingen av desse verdiane er det mogeleg å heve fram no, det er ikkje mykje glans lenger, det er ikkje mogeleg å samle, forklarer Einar.

Ingen rett

- Det er ikkje ei menneskerett å vere ordførar, men det er ei menneskerett å bli behandla på ein skikkeleg måte, til og med når ein har gjort noko ein ikkje skulle gjort, fortel Einar.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.