Når du og eg går rundt her på Jordkloden, verkar det krefter på oss. Og vi overfører kraft til Jorda og andre ting vi er borti. Til og med når vi står heilt i ro, verkar det ei kraft på oss. Denne krafta heiter tyngdekraft. Ho er umogleg å gøyme seg frå. Går du bak ein busk, finn ho deg, gøymer du deg i mørket, finn ho deg. Og ikkje bare deg. Tyngdekrafta verkar på alt her på Jorda. Til og med på ting ute i verdsrommet verkar tyngdekrafta. Månen, for eksempel, går rundt Jorda i ein bestemt bane på grunn av tyngdekrafta. Så kva kjem denne superkrafta av - ei kraft det er umogleg å unngå?
Kan ein ball tenke?
Ballar tenkjer ikkje særleg mykje... Foto: NRK
I alle tider har vi menneske sett at ting har falle mot bakken. I gamle dagar var det nokon som trudde at ting vi kasta, eigentleg ville ligge på bakken, og at det derfor la seg til ro igjen etter ei stund. Slik som ein ball fell til bakken etter at du har kasta han. Men no veit vi sjølvsagt at ballen ikkje ”tenker” på denne måten. Grunnen til at ballen dett ned til bakken, er at ei kraft dreg han dit. Det er tyngdekrafta. Akkurat slik krafta frå armen din set ballen i fart framover, set tyngdekrafta ballen i fart nedover. Til slutt stoppar ballen mot bakken. Mannen som kom opp med teorien om tyngdekraft, var som nemnt Isaac Newton.
Sir Isaac Newton
Sir Isaac Newton var ein smarting. Ill.: NRK
Isaac Newton var engelsk og levde mellom 1642 og 1727. Han var ein ordentlig smarting og fann ut masse om krefter i naturen. Det finst ei historie om at Isaac Newton var ute og gjekk i hagen sin. Då fall det ned eit eple frå eit tre som trefte han mitt i hovudet. Og det var slik Newton fikk ideen om at det måtte vere ei kraft som trekte dette eplet nedover.
Denne historia er nok ikkje heilt sann, men kanskje ikkje så langt unna. Eg tippar at Newton studerte alt mogleg rart som føregjekk ute i naturen. Og dersom det ikkje var ei god forklaring på det han såg, prøvde han å finne si eiga forklaring. Og ting han hadde sett var at løva fell mot bakken om hausten, eit eple som lausnar frå greina si, fell mot bakken og liknande. Han skjøna at det var Jorda som trakk på disse tinga med ei kraft. Denne krafta kalla han tyngdekrafta.
Men vi dreg òg på jorda
Kven trekk mest på Jorda av oss to, trur du? Foto: NRK
Ja, det er heilt sant! Vi dreg faktisk på jorda med ei lita kraft. Alle gjenstandar dreg på andre gjenstandar med ei kraft. Men sidan du og eg er så små i forhold til Jorda, merkar ikkje Jorda denne krafta. Grunnen til at Jorda dreg på oss med ei mykje større kraft enn det vi gjer på ho, er at vi er så små og Jorda er så stor. Det kan vi sjå eksempel på ute i verdsrommet og. Månen er mykje mindre enn Jorda, og derfor krinsar Månen rundt Jorda og ikkje Jorda rundt Månen. Jorda er mykje mindre enn Sola, og difor krinsar Jorda rundt Sola og ikkje omvendt. Så tyngdekrafta er større dess større og tyngre ein ting er.
Så du med din kropp trekkjer på alt rundt deg. Men denne krafta er så lita at du ikkje kjenner ho. Og ingen ting, eller andre personar, kjenner ho heller. Den krafta du kjenner når du ser ein flott gut eller ei søt jente, er ei heilt anna ”tiltrekkingskraft” som kjem av heilt andre ting. Og det skal vi ikkje gå inn på denne gongen.