- Vi har blitt smartare og teknologien har utvikla seg. I grove trekk kan ein seie at teknologien har blitt 50% betre.
Det seier NTNU-professor Andrew Perkis om det nye kodingssystemet for digital kringkasting. Eit system som no innførast som en standard i store delar av verda.
Den nye standarden DMB (Digital Multi Broadcasting) byggjer på det mykje omtalte DAB-systemet (Digital Audio Broadcasting).
Med denne kan du i framtida få med deg nyheitene på bussen til jobb. (Foto/Copyright: Scanpix, Gorm Kallestad)
Betre rusta med DMB
Generalsekretær i IKT Norge (Informasjon og Kommunikasjonsnæringa sin interesseorganisasjon), Per Morten Hoff, har vore innbarka DAB-motstandar lenge.
- DAB har for dårleg lyd og for få kanalar.
No jublar han over den nye lydkodinga og DMB som i tillegg til mykje anna opnar for innføring av høgkvalitets mobil-TV.
- Vi vil stå mykje betre rusta for framtida med den nye standarden.
Nok kanalar
Men dei store aktørane på kringkastingssida i Noreg, blant andre P4 og NRK, ønskjer ikkje å ta i bruk DMB no. Hans Petter Danielsen, teknisk direktør i P4 og leiar i digitalradioutvalet, forklarar valet med at mange ressursar har blitt sett inn i DAB frå deira side;
- Vi har satsa på DAB i fleire år og det kjem vi til å fortsetje med i mange mange år framover.
Ein annan grunn er at mange heimar har skaffa seg DAB-radio, ein kostnad som han meiner dei skal få utbytte av.
Danielsen er heller ikkje einig i at DAB er for for dårleg. Ein har høve til å få 2-3 gongar så mange kanalar med DMB, men dette er fleire enn det som er aktuelt for Noreg å fylle, meiner han. Dessutan har lydkvaliteten mykje å gå på innan DAB-systemet med litt utbetring.
Utfordringar med Mobilt TV
Hoff i IKT Noreg derimot meiner at DMB er den einaste riktige vegen å gå om ein skal kunne ha brukande Mobil-TV.
Men DAB-forkjemparane meiner det finst fleire alternativ for å kunne tilby folk denne tjenesten. Danielsen i P4 meiner det er ein enkel sak å legge til DMB i det allereie eksisterande DAB-nettet. Dette er ein dårlig idé i følge Hoff.
- Om ein skal køyre både DAB og DMB vil det bli fryktelig kostbart.
Men det fins endå ei løysing. Noko som no testast ut av NRK. Å sende bilete over DAB-nettet utan å gå via den nye standarden. Men denne løysinga er det delte meiningar om.
- Det er etter mi meinig feil løysing. DMB representerar ei vidareutvikling. Dette er vegen gå. Om Mobil-TV skal slå an må det vere best mogleg kvalitet.
Dette seier professor i medieteknologi, Andrew Perkis. Men med ny lydkoding vil DAB-radioane bli ubrukelege. Med sin forkjærleik for DAB passar kringkastarane på at dette ikkje vil hende med det første. Dette er det marknaden som avgjer. Derfor vil det ta lang tid før nye radioar er i butikken.
Men prosjektdirektør Kelly Griffiths i tidlegare World DAB, no altså World DMB, er sikker på at tida for det nye systemet vil kome på grunn av folk sin etterspørsel etter ny og betre teknologi.
Og når tida for dei nye radioane kjem vil dei kunne motta både DAB og DMB.
Denne japanske modellen tilbyr digital kringkasting og radio.( Foto/Copyright: Yoshikazu Tsuno, Scanpix)
Kva byr framtida på?
Om ein skuar utover i verda får ein eit inntrykk av kordan framtida kan bli her i Noreg.
Noko som har slått godt an er Fox sitt konsept MobiSodes. Dette er ein seriesnuttar som er spesielt tilpassa mobilbruk. Du kan til dømes bestille ein snutt av ditt favorittprogram som kjem til same tid kvar dag. Er du glad i ”Prison Break” kan dette bli eit fast innslag til lunsjpausa på jobben.
Fleire TV- selskap har sine eigne avdelingar som lagar innhald spesielt for mobilen. Nyheiter er noko som kan vere spesielt aktuelt på grunn av at folk vil ha løpande oppdatering. Kanalane produserer då spesielt for dette formatet.
Det landet som har kome lengst på Mobil-TV er Sør-Korea. Og i sitt arbeid som forskar på medieteknologi, har professor Andrew Perkis hatt rikeleg med anleiingar til å studere koreanerane sine medievanar.
- Dei har lang transportveg og driv då med mobilen. Dei spelar spel eller ser på TV. Vaksne tek kurs og skuleelevar gjer lekser på veg heim ved å sjå på instruksjonsvideoar og liknande.
Ein kan og dele sine videoar med vener, akkurat som folk i Noreg no gjer på internett gjennom sider som YouTube.
Kva som blir mogleg i Noreg kjem då an på kva for teknologi ein vel å ta i bruk, og då vil ikkje ein gong DMB stå utan konkurranse.
Radioen i fare?
Vil mobilt fjernsyn og multimediale tjenestar ta livet av radioen? Det fryktar i alle fall franske Philippe Chapot. Han tek Japan som eit skrekkeksempel, kor han meiner at folk lyttar til lyden av fjernsynet i staden for radio.
- Det er ei stor fare for radio som vi kjenner den. Radioen er gratis, og må forbli det.
Derfor jobbar han i DR (Digital Radio), ein uavhengig organisasjon som kjempar for redde radioen frå å drukne i Mobil-TV bølgja. Mobilt TV og radio kan nemleg sendast over same digitale kringkastingsnett. No er han redd det ikkje vil setjast av plass til radioen.
Framgangsmåten til DR er å jobbe for radiomottakarar som kan ta alle standarder, og brukast over heile Europa.
Philippe Chapot kjempar for radioen. (Foto/Copyright: Line Gevelt Andersen, NRK)
Han vil få slutt på rotet av konkurrerande teknologiar og standardar. Bodskapet må ut til både lyttarar, myndigheiter og radioteknisk bransje.
- DR skal bli eit merke som garanterar at lyttaren kan høyre på alle dei nyaste teknologiane.
Då vil lyttarane slippe å ta val om kva for standard dei skal ha, og dermed unngå å kjøpe ein radio som går "ut på dato".
Radiosjefen i NRK, Øivind Vasaasen er einig med løysinga til DR.
- Det er heilt urealistisk å få ein standard som heile verda tek i bruk. Til det er mediebiletet for ulikt frå land til land. Så det er ein god idé med radioapparat som tek imot alle standardar.